Gå rett til innhold

Jordskjelv i Japan

Det er ikkje brot på tryggleiken til kjernekraftverka i Japan etter jordskjelvet 16. mars.

Sist oppdatert: 17. mars 2022 15:22

Jordskjelvet, målt til 7,3, inntraff utanfor kysten av Fukushima i Japan. I området er det tre kjernekraftverk: Onagawa, Fukushima Daiichi og Fukushima Daini. 

Ved Fukushima Daiichi vart ei pumpe slått ut, men den er no reparert og skal vere i full drift. Det er ikkje lekkasje frå vanntankane som lagrar radioaktivt vatn etter kjernekraftulukka i 2011.

Vi kjem tilbake med meir informasjon om det blir aktuelt.