DSA fører tilsyn med sikkerheita ved norske atomanlegg: dei to forskingsreaktorane ved Kjeller nær Lillestrøm og i Halden, og avfallsdeponiet i Himdalen i Akershus.
DSA er i tillegg ansvarleg for safeguards i Noreg. Med safeguards meiner ein kontroll med nukleært materiale som blant anna kan brukast til å lage atomvåpen.
Dei norske forskningsreaktorane er nedlagt, og det blir no forberedt for avvikling, også kalla dekommisjonering.
DSA kontrollerer verksemda ved dei to forskingsreaktorane på fleire måtar.