KORT FORTALT
DSA fører tilsyn med at handteringa av nukleært og radioaktivt avfall er trygt og sikkert for menneske og miljø. DSA er også fagmyndigheit når det gjeld å vurdere kvaliteten på planlegging og undersøking knytt til handtering, lagring og deponering.
Det finst eitt nasjonalt avfallsdeponi i Himdalen (Viken) for sluttlagring av radioaktivt låg- og mellomaktivt avfall.
Samanlikna med kjernekraftnasjonar er mengda av brukt atomavfall frå forskingsreaktorane i Noreg svært avgrensa.
Er det atomavfall i Noreg?
Ja, det norske atomavfallet kjem frå Institutt for energiteknikk (IFE) si verksemd. Det består mellom anna av ca. 17 tonn brukt brensel. Dette er lite samanlikna med land som bruker kjernekraft for produksjon av elektrisitet har. Sverige har for eksempel meir enn 7.000 tonn brukt brensel frå sine kjernekraftverk.
Kva er atomavfall?
-
Brukt brensel
Dette er materiale som har blitt brukt som brensel for å drive ein atomreaktor, vanlegvis er det uran. Dette avfallet er veldig radioaktivt. -
Radioaktivt avfall
Døme: klede, delar eller utstyr som er blitt ureina av radioaktivitet. Dette avfallet inneheld ofte langt mindre radioaktivitet enn det brukte brenselet.
Kvar vert det norske atomavfallet lagra?
Det norske atomavfallet vert lagra to stader.
-
KLDRA Himdalen i Viken
Hovudmengda av avfallet ved KLDRA Himdalen er radioaktivt avfall frå industri, forskingsinstituttet, sjukehus, Forsvaret, og enkelte forbruksartiklar som ioniske røykvarslar. Anlegget inneheld også radioaktivt avfall frå drift av forskingsreaktorane på Kjeller og i Halden. -
Midlertidige lagre på Kjeller og i Halden
Brukt brensel frå atomreaktorane i Noreg vert førebels lagra på Kjeller og i Halden. Det er ikkje bestemt kvar det brukte brenselet frå de norske forskingsreaktorane skal sluttlagrast.