Gå rett til innhold

Forskingsreaktorar og atomanlegg i Noreg

Atomanlegg i Noreg er forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller, og avfallsdeponiet i Himdalen.

Sist oppdatert: 21. juni 2022 10:21

KORT FORTALT

Det er ingen atomreaktorar for produksjon av elektrisitet i Noreg, men det har vore fire forskingsreaktorar i drift i Noreg, éin i Halden (HBWR) og tre på Kjeller (JEEP I, N0RA og JEEP II).

Desse var i drift i ulike periodar mellom 1951 og 2019.

HBWR og JEEP II vart lagt ned i 2018 og 2019, og skal demontertast, så kalt dekommisjonering. 

Forskingsreaktoren på Kjeller 

  • JEEP II ligg på Kjeller i Skedsmo kommune i Viken, ca. 20 km nordaust for Oslo sentrum.

  • Var i drift mellom 1966 og 2019. 

  • Termisk effekt: 2 MW

  • Brukt til grunnforsking og produksjon av isotopar for medisinsk og teknisk bruk, samt doping av silisium med fosfor for produksjon av halvleiarar.

  • Det er også lager og andre anlegg knytt til forskingsreaktorane. Dette er blant anna lager for fersk og brukt brensel, behandlingsanlegg for radioaktivt avfall og laboratorium for handtering av brukt brensel og radioaktive stoff.

Forskingsreaktoren i Halden  

  • Ligg i Månefjellet like utanfor Halden sentrum. 

  • Var i drift mellom 1959 og 2018. 

  • Termisk effekt: 25 MW

  • Del av eit internasjonalt forskingsprosjekt under OECD-organisasjonen Nuclear Energy Agency (NEA).

  • Brukt til materialforsking på ulike typar atombrensel og utvikling av ulike målemetodar og instrument. Reaktoren leverte også damp til Norske skog sin fabrikk i Halden.

  • Det er også lager og andre anlegg knytt til forskingsreaktorane. Dette er blant anna lager for fersk og brukt brensel og laboratorium for handtering av brukt brensel og radioaktive stoff.

Forskingsreaktoren NORA

  • Låg på Kjeller i Skedsmo kommune i Viken, ca. 20 km nordaust for Oslo sentrum.
  • Var i drift 1961-1968

Forskingsreaktoren JEEP I

  • Låg på Kjeller i Skedsmo kommune i Viken, ca. 20 km nordaust for Oslo sentrum.
  • Var i drift 1951-1967
  • Termisk effekt: 400 kW

Kombinert lager og deponi i Himdalen (KLDRA)

  • Det nasjonale deponiet for radioaktivt avfall ligg i Himdalen i Viken.
  • Har lågt og middels radioaktivt avfall som kjem frå dei nukleære anlegga på Kjeller og i Halden og frå radioaktive kjelder brukte i industri, forsvaret, forsking, medisin og enkelte forbruksartiklar. 
  • Statsbygg eig deponiet og IFE er ansvarleg for drifta. 

Kven eig dei norske reaktorane?

Det er Institutt for energiteknikk, IFE, som eig og driv dei norske forskingsreaktorane, men det statlege selskapet Norsk nukleær dekommisjonering vil i framtida ta over eigaransvaret for desse. Dei vil då bli bli ansvarlege for å avvikle forskingsreaktorane og sørgje for handtering av atomavfallet.

Kva skjer når dei norske forskingsreaktorane vert lagt ned?

Reaktorane vil bli demontert, på fagspråket kallas det dekommisjonering. Det inneber mellom anna at bygningar skal rivast og alt atomavfall skal fjernast. Dette er dyrt og tidkrevjande og må planleggast nøye.

Før det praktiske arbeidet byrjar må eigarane ha ei rekkje løyve frå DSA. Blant anna må dei kartleggje konsekvensane for miljø og samfunn av å leggje ned forskingsreaktorane, og dei må ha løyve etter forurensningsloven for handtering av radioaktivt avfall og utslepp av radioaktive stoff.

Kva lovverk gjeld for forskingsreaktorar?

Følgande lover gjeld for forskingsreaktorar i Noreg:

Noreg har også plikta seg til ein rekkje avtaler og konvensjonar:

Noreg følgjer retningslinjer frå det internasjonale atomenergibyrået, IAEA. IAEA har publisert ei rekkje internasjonalt anerkjente tilrådingar om kjernefysisk tryggleik.

  • Ikkje-spreiingsavtalen frå 1970

  • Konvensjonen om fysisk vern av nukleært materiale og nukleære anlegg

  • Kjernetryggleikskonvensjonen

  • Felleskonvensjonen for sikker handsaming av brukt kjernebrensel og sikker handsaming av radioaktivt avfall

Les meir om konvensjonanen.