Gå rett til innhold

Reaktortypar

Her er ei oversikt over dei mest vanlege reaktortypane.

Sist oppdatert: 10. januar 2024 14:21

KORT FORTALT

Atomreaktorar kan delast inn i to typar: forskingsreaktorar og kraftproduserande reaktorar. 

Forskingsreaktorane blir brukt til forsking, utdanning og trening.

Kraftproduserande reaktorar blir brukt til å produsere elektrisitet. Desse kan igjen delast inn i nokre hovudtypar.

Reaktorar til forsking 

Desse kan nyttast til forsking knytt til atomtryggleik, til opplæring og utdanning av personell, til nøytronbestråling og kjernefysisk grunnforsking. Forskingsreaktorar er små i forhold til kraftproduserande reaktorar. Samlet effekt frå alle forskingsreaktorar som er i drift i verden i dag tilsvara omtrent effekten frå éin kraftproduserande atomreaktor.

Reaktorar som produserer elektrisitet

Dei kraftproduserande reaktorane kan delast inn i eit fåtal reaktortypar:

  • Trykkvannsreaktorar - Pressurised Water Reactor (PWR)
    Dette er den vanlegaste reaktortypen i verda med omtrent 70% av alle reaktorar. Denne reaktortypen har éin krins med vanleg vatn som fjernar varmen frå atombrenselet, og ein annan krins med vanleg vatn som driv turbinane, kopla saman med ein varmevekslar.

  • Kokvannsreaktorar - Boiling Water Reactor (BWR)
    Dette er den nest vanlegaste typen med omtrent 15% av alle reaktorar. Denne reaktortypen har kun éin krins med vanleg vatn som fjernar varmen frå atombrenselet òg driv turbinane.

  • CANDU-reaktorar
    Denne reaktortypen brukar tungtvatn for å kjøle atombrenselet.

  • Gasskjølte reaktorar
    Denne reaktortypen brukar gass for å kjøle atombrenselet og brukar grafitt for å kontrollere nøytronane.

  • RBMK-reaktorar
    Denne reaktortypen brukar vanleg vatn for å kjøle atombrenselet og grafitt for å kontrollere nøytronane. Denne reaktortypen var berre i drift i Sovjetunionen, blant annet ved kjernekraftverket i Tsjernobyl i Ukraina.

  • Hurtigreaktorar
    Desse reaktorane bruker i hovudsak den naturlege uranisotopen U-238 som brensel, medan dei andre reaktorane i hovudsak bruker U-235. Naturleg uran er samansett av isotopane U-235 og U-238. Det er endast et fåtal reaktorar i drift av denne type.

Meir informasjon