Straum og høgspent
FAKTA
-
Rundt høgspentlinjer og transformatorar oppstår det elektriske og magnetiske felt, som samla blir kalla elektromagnetiske felt, EMF. Det helsemessige fokuset har vore knytt til magnetfeltet.
-
Grenseverdien for magnetfelt frå straumnettet i Noreg er 200 mikrotesla (µT) for befolkninga.
-
Verdiane rett under dei kraftigaste høgspentlinjene vi har i Noreg, kan kome opp i 15–20 µT.
-
Den som planlegg oppføring av bustad, skule eller barnehage i nærleiken av høgspentanlegg, må greie ut om magnetfeltnivåa kan bli høgare enn 0,4 μT i snitt over året. Dette gjeld også for dei som ynskjer å oppføre eller oppgradere høgspentanlegg nær same type bygg. Utgreiing skal ein gjere der barn får langvarig opphald nær høgspentanlegg.
-
Ved leik, passering og andre utandørsaktivitetar treng ein ikkje gjere utgreiing og det er grenseverdien som gjeld.
Ikkje vist at det er skadeleg å bu eller vere nær høgspentanlegg
Rundt alle straumanlegg oppstår det elektriske og magnetiske felt, også kalla elektromagnetiske felt (EMF). Desse oppstår rundt både høgspentlinjer, jordkablar og transformatorar. Det helsemessige fokuset har vore knytt til magnetfeltet.