Kven kan gi meir informasjon?

Her finn du ei oversikt over kven som informerer om kva når det gjeld straum- og høgspentanlegg.

Sist oppdatert: 25. juni 2020 10:43

Netteigar

Det er netteigar som eig høgspentlinjer, jordkablar og transformatorar, og det er netteigar som skal svare på spørsmål om kva for verdiar som gjeld ved dei adressene det er snakk om.

Norges vassdrags- og energidirektorat

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) svarar på spørsmål om utbyggingar av nye høgspentanlegg.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) gjev generell informasjon, råd og rettleiing om moglege helseeffektar knytte til høgspentanlegg.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), når det gjeld sikkerheit ved høgspentanlegg.

Kommunen

Kommunen din kan svare på spørsmål knytte til arealplan, byggesøknadar med meir.

Fastlege eller Helsedirektoratet

Kontakt fastlege eller Helsedirektoratet dersom du opplever eller har spørsmål om helseplager.
 

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.