Magnetfelt og helseeffektar

Det er ikkje dokumentert nokon negative helseeffektar ved eksponering for høgspentanlegg så lenge magnetfelta er lågare enn grenseverdien. Dette gjeld både for vaksne og barn.

Sist oppdatert: 25. juni 2020 10:41

KORT FORTALT

For befolkninga er grenseverdien for magnetfelt frå straumnettet 200 mikrotesla (µT). Befolkninga vil stort sett aldri bli eksponert for så høge verdiar.

Typiske verdiar i bustader som ikkje er i nærleiken av høgspentanlegg er 0,01–0,1 µT.

Den som planlegg nye høgspentanlegg eller nye bygg der barn har langvarig opphald må greie ut om magnetfeltnivåa kan bli høgare enn 0,4 μT i snitt over året.

Grenseverdi

Noreg følgjer ICNIRPs (den internasjonale kommisjonen for vern mot ikkje-ioniserande stråling) anbefalingar for grenseverdiar ved eksponering for elektromagnetiske felt. For magnetfelt frå straumnettet er grenseverdien 200 µT. Grenseverdien er satt med gode sikkerheitsmarginar. Under vanlege omstende vil ingen oppleve eksponering i nærleiken av grenseverdien, og om det skulle skje vil sikkerheitsmarginane vere ei forsikring mot helseskade.

Varsemdsprinsipp

Myndigheitene har valt å følgje eit varsemdsprinsipp når det gjeld barn nær høgspentanlegg. Varsemdsprinsippet går ut på at den som planlegg nye høgspentanlegg eller nye bygg nær høgspentanlegg der barn har langvarig opphald, som i skular, barnehagar og bustader, må greie ut om magnetfeltnivåa i snitt over året kan bli høgare enn 0,4 mikrotesla (μT). I så fall skal det vurderast løysingar for å redusere feltnivåa.

Oppvekst nær høgspentlinjer

Befolkningsundersøkingar har vist at barn som veks opp nær høgspentlinjer der magnetfeltet i snitt over året er rundt 0,4 mikrotesla (µT) eller meir, kan ha ein auka risiko for å utvikle leukemi. Denne samanhengen er særs usikker, og er ikkje bekrefta med celle- og dyreforsøk, noko som er heilt nødvendig for å kunne konkludere med at det er ein samanheng. 

Det er ikkje påvist auka risiko for andre kreftformer hos barn ved å bu nær høgspentanlegg, heller ikkje andre former for helseskade.

Denne usikkerheita gjeld berre for langvarig opphald nær linja. Leik og passering blir sett på som kortvarig opphald, her er det grenseverdien på 200 µT som gjeld.

Inkludert i WHOs kreftklassifisering

På grunn av usikkerheita knytt til høgspent, barn og leukemi har Verdsorganisasjonen for helse (WHO) klassifisert magnetfelt frå høgspentleidningar som mogleg kreftframkallande (gruppe 2B).

Kvifor denne usikkerheita?

Bakgrunnen for den usikkerheita som råder i samband med høgspent og kreft er ei undersøking frå USA på slutten av 1970-talet som viste at barn som budde i nærleiken av høgspentlinjer, hadde auka risiko for å få leukemi. 

Undersøkinga frå USA blei starten på ei rekke studiar der ein forsøkte å bekrefte eller avkrefte om det verkeleg er ein samanheng mellom høgspent og kreft. Trass i omfattande forskingsinnsats er det ikkje dokumentert at barn har ein risiko for å få leukemi ved å opphalde seg nær eit høgspentanlegg over tid.

Gir ikkje generelle helseplagar

Det er ikkje dokumentert at elektromagnetiske felt frå høgspentanlegg og andre elektriske anlegg er årsak til nokon helseplagar så lenge verdiane er lågare enn grenseverdien. 
 

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.