Gå rett til innhold

Kva er høgspentanlegg?

Høgspentanlegg er installasjonar der det går mykje straum. Vi brukar det som ei fellesnemning på høgspentlinjer, jordkablar og transformatorstasjonar.

Sist oppdatert: 14. april 2023 10:45

KORT FORTALT

I høgspentlinjer er straumledningane montert i master med god avstand mellom ledningane.

I jordkablar er straumledningane isolerte og ligg forholdsvis tett inntil kvarandre.

Høge spenningsnivå vert brukt når ein skal transportere mykje straum over store avstandar.

Ein transformatorstasjon er eit anlegg som transformerar (omformar) spenninga på straumnettet frå eit spenningsnivå til eit anna.

Trafo er forkorting for transformatorstasjon, nettstasjon vert også brukt. 

Det sentrale elektrisitetsnettet

Høgspentanlegg varierer i storleik. Dei kraftigaste anlegga er dei som leverer straum via luftledningar og jordkablar frå vasskraftverka til dei store byane, og blir kalla det sentrale elektrisitetsnettet. Statnett eig dette nettet.

Desse anlegga vert omfatta av regelverket som gjeld ved oppføring av nye bygg og høgspentanlegg der barn har langvarig opphald.

Lavspenningsanlegg

Straumledningar i bustadar og bygg vert definert som lavspenningsanlegg. For desse gjeld ikkje kravet om utgreiing, men grenseverdien på 200 mikrotesla (µT) gjeld.

Meir informasjon