Automatiske straummålarar

Radiosignal frå automatiske straummålarar er så svake at det ikkje er helseskadeleg å ha ein slik installert.

Sist oppdatert: 25. juni 2020 1245

KORT FORTALT

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Nkom, har utført målingar av stråling frå desse målarane, og resultata viser at nivåa er så lave at DSA ikkje kan krevje at målarane blir flytta eller at det vert gjort andre tiltak. 

Nettselskapet er ansvarleg

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har forskriftsfesta at alle nettselskap skal installere automatiske straummålarar som kommuniserer måledata til selskapet. Nettselskapet har ansvar for at alle målarane oppfyller bestemmingar om blant anna grenseverdiar for stråling og vern av personopplysningar.

Meir informasjon

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.