Gå rett til innhold

For seint å starte radonmåling for denne gongen

Har du ikkje målt radon enno, bør du vente til hausten.

Sist oppdatert: 20. februar 2023 13:43

Radon skal målast over minst to månadar mellom midten av oktober til midten av april. Dersom du ikkje allereie er godt i gang med å måle, rår vi deg til å vente til neste målesesong. Ny målesesong startar igjen i midten av oktober.

Radon er ein radioaktiv gass, og radon i bustaden aukar risikoen for lungekreft. Noreg er eit av dei landa i verda som har dei høgaste konsentrasjonane av radon i bustadar. Årsaka er både dei geologiske forholda i landet vårt, klimaet og måten vi byggjer bustadane våre på.