Gå rett til innhold

DSA sitt EØS-samarbeid

Sidan 2009 har vi gjennomført fleire prosjekt med EØS-midlar.

Sist oppdatert: 04. juni 2024 10:10

KORT FORTALT

DSA har i seinare år gjennomført fleire prosjekt med EØS-midlar, både i Romania (2009-2011, 2014-2017 og 2019-2024), Litauen (2019-2024), Slovakia (2015-2017 og 2019-2024) og med Bulgaria (2009-2011).

Fleire av prosjekta har vorte gjennomført i samarbeid med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

Formålet med prosjekta er å styrke arbeidet til myndigheitene på ei rekke område, blant anna strålevern, kjernetryggleik, ikkje-spreiing, beredskap og handtering av radioaktivt avfall.

Det har blant anna blitt gjennomført fleire store internasjonale beredskapsøvingar, risikoanalysar for ulykker og det er blitt utvikla tryggleiksdokument. Mykje av erfaringane frå prosjekta har gjennom IAEA blitt gjort tilgjengelege for alle dei 178 medlemslanda til IAEA.

Nyheter på dsa.no om EØS-prosjektene:

Under ser du nokre filmar om EØS-prosjekta DSA har vore med på:

Kva er EØS-midlane?

EØS-midlane er Noreg sitt bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). Støtten skal også styrke forbindelsen og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda.

Meir informasjon

Fant du det du lette etter?