Formålet med prosjektet var å betre tryggleiken ved handtering av radioaktivt avfall ved kjernekraftverket som er under avvikling og nedbygging. Prosjektet har også omfatta opplæring og kompetanseheving. Dekommisjonering av dei to reaktorane ved Ignalina kjernekraftverk, som vart stengde i 2004 og 2009, vil gi store mengder radioaktivt avfall.
- Prosjektet har vore nyttig både for Litauen og for oss. Vi har delt informasjon og erfaringar frå avfallshandtering av radioaktivt avfall. Dette er spesielt relevant etter at dei to forskingsreaktorane på Kjeller og i Halden no er stengde og det blir gjort førebuingar for nedbygging, seier seksjonssjef Ingar Amundsen i direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
DSA involverte Det internasjonale atomenergibyrået IAEA i prosjektet, primært for å hjelpe VATESI i deira arbeid.
Prosjektet heiter “Safety Enhancement of Ignalina NPP Radioactive Waste management”, og var på 3,5 millionar euro, der ca. 3 millionar euro blir finansierte av Noreg via EØS-midlane.
Kva er dekommisjonering?
Dekommisjonering er nedbygging av eit atomanlegg kor planlagd demontering, rivning og andre tiltak blir gjennomførte. Før dekommisjoneringa kan starte, må ansvarleg verksemd planleggje for sikker avvikling, avfallshandtering og vidare bruk av området der atomanlegget ligg slikt at ein oppnår den planlagde sluttilstanden.