Gå rett til innhold

Rapport om handtering av radioaktivt avfall og brukt brensel

Noreg har levert sin åttande rapport om gjennomføringa av dei internasjonale forpliktingar vi har til å handtere radioaktivt avfall og brukt brensel. 

Sist oppdatert: 08. januar 2025 08:55

Noreg er part til Felleskonvensjonen om tryggleik ved handtering av brukt atombrensel og handtering av radioaktivt avfall. Alle partane er forplikta til å rapportere på gjennomføringa av konvensjonen kvart tredje år. Dette er åttande gong Noreg rapporterer på forpliktingane, og rapporten løftar fram viktig utvikling sidan førre rapporteringsmøte i 2022. 

Den nasjonale rapporten skal presenterast på rapporteringsmøtet i IAEA no i mars, der Noreg vil svare på spørsmål, få tilrådingar og forslag til forbetringspunkt for vår forvaltning av radioaktivt avfall og brukt brensel.

Noreg har òg motteke 54 ulike spørsmål frå andre land som er part til konvensjonen, og under møtet vil og andre land stille spørsmål, gi kommentarar og tilrådingar på område der Noreg kan forbetre handtering av radioaktivt avfall og brukt brensel. Noreg vil deretter svare på spørsmåla. Noreg har også vurdert rapportar frå andre land, og stilt ei rekke spørsmål om korleis andre land oppfyll deira plikter.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er ansvarleg for å rapportere på dei internasjonale forpliktingane som ligg i konvensjonen. 

- I sommar la Klima- og miljødepartementet fram Noreg sin første strategi for ei trygg, sikker og forsvarleg handtering av radioaktivt avfall i Noreg. Den vil vere eit viktig bidrag til å gjennomføre dei internasjonale forpliktingane våre, seier Per Strand, direktør i DSA. 

Rapporten om gjennomføringa av dei internasjonale forpliktingar Noreg har til å handtere radioaktivt avfall og brukt brensel, løftar fram område der det har vore utvikling på området dei siste åra. Mellom anna har kunnskapsgrunnlaget vorte styrkt. Menon Economics har, på oppdrag frå DSA, utarbeidd prognosar for radioaktivt avfall i Noreg fram mot 2100. I tillegg til strategien for ei trygg, sikker og forsvarleg handtering av radioaktivt avfall i Noreg, har DSA også publisert rettleiing for gjennomføring av oppryddinga etter atomverksemd i Noreg, og status i overføring av atomanlegga til Norsk nukleær dekommisjonering. 

Rapporten omtaler også stans i deponering av radioaktivt avfall i kombinert lager og deponi for radioaktivt avfall KLDRA Himdalen, noko som medfører utfordringar for handteringa av avfallet i Noreg. 

Handtering av radioaktivt avfall stiller strenge krav til tryggleik, og Noreg må rapportere på korleis tryggleiken blir tatt hand om.