Gå rett til innhold

DSA har målt svært låge nivå av radioaktivt cesium på Svanhovd og Viksjøfjell

DSA har målt forhøgja nivå av radioaktivt cesium (Cs-137) på luftfilterstasjonane våre på Svanhovd (perioden 9.-16. september) og Viksjøfjell (5.-12. september).

Sist oppdatert: 17. september 2024 09:11

Konsentrasjonane som er målte utgjer ingen risiko for menneske eller miljø. Ingen andre menneskeskapte radionuklidar blei påvist.

Filtera frå dei andre stasjonane i Noreg vert analyserte i dei komande dagane og det vil vere venta at fleire av dei også vil finne målbare verdier av Cs-137. DSA finn jamleg cesium ved alle luftfilterstasjonane i Noreg, og dette kjem ofte frå oppvirvla støv frå gamalt nedfall frå Tjornobyl-ulykka.

DSA har kontinuerleg overvaking for å oppdage radioaktivitet i lufta over Noreg.