KORT FORTALT
Avtala forbyr ikkje-atomvåpenstatane å skaffe seg atomvåpen, men gjev dei rett til å nytte kjernefysisk teknologi for fredelege føremål.
Atomvåpenstatane har plikta seg til ikkje å spreie atomvåpen til andre statar.
Avtala forpliktar alle statar til å stogge atomvåpenkappløpet, ruste ned og forhandle om ei nedrustingsavtale.
Ikkjespreiingsavtala skil mellom atomvåpenstatar (USA, Russland, Storbritannia, Frankrike og Kina) som prøvesprengde atomvåpen før 1 Januar 1967, og ikkje-atomvåpenstatar (alle andre statar).
Avtala trådde i kraft i 1970.
IAEA si rolle
IAEA, det internasjonale atomenergibyrået, er i avtala gitt ei viktig oppgåve med å kontrollerer at alt nukleært materiale i ikkje-atomvåpenstatane, slik som uran, ikkje vert nytta til å utvikle atomvåpen. I 2019 har 183 statar slike tryggingskontrollavtaler med IAEA. Her står det meir om IAEAs inspeksjonar i Noreg.
Land som ikkje er medlemmar
Dei einaste landa i verda som ikkje er medlemmar av avtala er Pakistan, Israel, India og Sør-Sudan. Nord-Korea var medlem, men trakk seg frå avtala i 2003.
Land som har atomvåpen, men som ikkje prøvesprengte før 1. januar 1967, slik som India og Pakistan, kan ikkje bli medlemmer av avtala utan å ruste ned våpena sine fyrst.