Gå rett til innhold

Kva kontroll er det med dei norske atomanlegga?

DSA kontrollerer verksemda ved dei norske atomanlegga på fleire måtar.

Sist oppdatert: 15. januar 2024 11:05

KORT FORTALT

Det er den som driv atomanlegga eller handterer nukleært materiale som er ansvarleg for at det er sikkert og trygt. 

DSA gjennomfører regelmessige tilsyn ved IFE for å sjå til at verksemda blir driven på ein sikker måte, som minimerar risikoen for IFE sitt eige personell, men også menneske i nærområdet og miljøet. 

Vi fører ulike typar tilsyn, blant anna med reaktortryggleik, safeguards og fysisk sikring.

IAEA framhevar at det er viktig å koordinere dei tre S-ane: safety, security og safeguards, eller på norsk reaktortryggleik, safeguards/sikkerheitskontroll og fysisk sikring.

Atomsikkerheit

Sikkerheita ved eit atomanlegg vert oppfylt ved å oppretthalde bestemte driftsforhold og -vilkår. Hovudmålet er å førebyggje ulykker og avgrense konsekvensane ved ei ulykke, og å beskytte menneske og miljø mot unødig risiko for stråling og utslepp av radioaktivitet til omgjevnadane.

Sikkerheita ved eit anlegg kjem an på fleire faktorar, kor nokon av dei faktorane er det tekniske designet til anlegget og den menneskelege faktoren. Eit atomanlegg har fleire parallelle sikkerheitssystem, og viss eit sviktar, vil eit anna ta over.

Atomsikkerheita har utvikla seg i takt med at ein har fått meir kunnskap om drift av anlegg, og framfor alt dei lærdommane ein har fått frå dei større ulykkene som har skjedd.

Safeguards (sikkerheitskontroll)

Ved dei norske forskingsreaktorane bruker ein materiale som kan nyttast til sabotasje eller terrorisme dersom det hamnar i feil hender. Atomanlegga kan også brukast til ikkje-deklarerte aktivitetar, som for eksempel våpenformål.

Med safeguards meiner ein kontroll med nukleært materiale som blant anna kan brukast til å lage atomvåpen. Dette gjeld uran (både opprika, naturleg og utarma), plutonium og thorium. Noreg har gjennom ikkje-spreiingsavtalen frå 1970 og andre internasjonale avtalar forplikta seg til å ha kontroll med kor mykje uran, plutonium og thorium som heile tida er i landet og kor det finst.

Det er innehavar av det nukleære materialet som er ansvarleg for intern sikkerheitsskontroll, slik det er angitt i forskrift om besittelse, omsetning og transport av nukleært materiale og flerbruksvarer.

DSA er ansvarleg myndighet for sikkerheitskontroll i Noreg og våre internasjonale forpliktingar overfor det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

Sikkerheitskontroll inneber blant anna oppteljing, prøvetaking, kontroll og rekneskapsføring med uran, plutonium og thorium. Anleggspesifikke data, kontroll av konstruksjonar til bygg, informasjon om type aktivitet, forsking m.m. er også viktige kontrolltiltak for å verifisere at det ikkje går føre seg udeklarerte aktivitetar.

DSA gjennomfører safeguards-inspeksjonar ved dei norske atomanlegga, og andre brukarar av nukleært materiale fleire gonger årleg. Nokre av inspeksjonane blir gjennomført saman med IAEA, og det er både melde og umelde inspeksjonar på 2 og 24 timars varsel.

Fysisk sikring

Den andre pilaren er fysisk sikring av radioaktivt materiale og spesielt materiale som kan nyttast til å utvikle kjernevåpen: uran, plutonium og thorium, og anlegga der materialet er.

Fysisk sikring har fått økt merksemd dei siste åra på bakgrunn av generelt auka fokus på terror og sabotasje. Truslar spenn frå ulovleg inntrenging og tjuveri, spionasje og sabotasje til reine terrorhandlingar. Reint teknisk består fysisk sikring i tilgangskontroll, overvaking, alarmanlegg og vakthald. 

Norge har forplikta seg gjennom ein internasjonal traktat på dette området, Konvensjonen om fysisk vern av nukleært materiale og nukleære anlegg, som er implementert i norsk lovverk. 

Tilsyn

Tilsyn med atomsikkerheit og fysisk sikring vert gjennomført etter DSA sin Tilsynsstrategi, og Safeguards kontroll vert gjennomført etter IAEA sine bestemmingar.

DSA publiserer årleg ei oppsummering av fjorårets tilsynsaktivitetar. Disse publikasjonen gir eit innblikk i dei genomførde tilsyna ved norske atomanlegga.

Oppsummering av tilsynsaktiviteter for dei 3 siste åra:

Dei store atomulykkene:

Fant du det du lette etter?