Gå rett til innhold

Det er ikkje vist at det er helseskadeleg å bu eller opphalde seg nær høgspentanlegg

Rundt alle straumanlegg oppstår det elektriske og magnetiske felt, også kalla elektromagnetiske felt (EMF). Desse oppstår rundt både høgspentlinjer, jordkablar og transformatorar. Det helsemessige fokuset har vore knytt til magnetfeltet.

Sist oppdatert: 17. april 2023 07:41

KORT FORTALT

Det er ikkje dokumentert at det er helseskadeleg å vere i nærleiken av magnetfelt frå høgspentanlegg.

Grenseverdien for magnetfelt frå straumnettet er i Noreg 200 mikrotesla (µT) for befolkninga. Vi blir normalt ikkje eksponert for så høge verdiar. 

Typiske verdiar i bustader som ikkje er i nærleiken av høgspentanlegg er 0,01–0,1 µT. Desse verdiane kjem frå bustaden sitt eige straumnett og elektriske apparat. 

Den som planlegg nye høgspentanlegg eller nye bygg der barn har langvarig opphald må greie ut om  magnetfeltnivåa kan bli høgare enn 0,4 μT i snitt over året. Der det er forventa feltnivå over 0,4 μT i årsgjennomsnitt i bygningar skal det vurderast om tiltak skal gjennomførast eller ikkje. 

Går barnet ditt på skule eller i barnehage nær ei høgspentlinje? 

Myndigheitene har valt å følgje eit varsemdsprinsipp når det gjeld barn nær høgspentlinjer. Varsemdsprinsippet går ut på at den som planlegg nye bygg nær høgspentlinjer der barn har langvarig opphald, som i skular, barnehagar og bustader, må greie ut om magnetfeltnivåa kan bli høgare enn 0,4 mikrotesla (μT) i snitt over året. I så fall skal det vurderast løysingar som kan redusere magnetfeltnivåa. Utgreiingsnivået vart etablert i 2006 fordi myndigheitene ønskte å ta høgde for den vitskaplege usikkerheita som framleis eksisterer på området.

Lurer du på kva for feltverdiar som gjeld for di adresse? 

Kontakt netteigar, som eig høgspentlinjer og transformatorar. 

Skal du bygge nær ei høgspentlinje?

Det gjeld eigne reglar som du finn her: 

Har du spørsmål om byggesøknadar, arealplan eller liknande? 

Kontakt kommunen din. 

Har du spørsmål om utbygging av nye høgspentanlegg? 

Kontakt netteigar, eventuelt sjå hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) viss du har spørsmål om konsesjonssøknad. 

Kva grenseverdiar gjeld for høgspent?

For befolkninga er grenseverdien for magnetfelt frå straumnettet 200 mikrotesla (µT). Befolkninga vil stort sett aldri bli eksponert for denne verdien. 

Meir informasjon