KORT FORTALT
Klede generelt beskyttar godt, men ikkje alle vernar nok mot sterk sol.
Farga bomull gir mykje betre solbeskyttelse enn kvit bomull.
Tettvevde stoff gir betre beskyttelse mot UV-stråler enn laust vevde stoff.
Syntetiske plagg av til dømes polyester, får auka solbeskyttelse når dei blir våte.
Kvit bomull mister mykje av beskyttelsen når den blir våt.
Det beste rådet mot å bli solbrent, er å unngå å opphalde seg i sola når den er på det sterkaste. Risikoen for hudkreft aukar spesielt når du blir solbrent, men òg når du får mykje sol utan å bli brent.
– I tillegg til å kutte ned på tida ein er i sola midt på dagen, anbefaler vi at ein beskyttar seg med klede, solbriller og noko på hovudet. Der huda ikkje er beskytta på annan måte, anbefaler vi at du smørar raust på med solkrem, seier seksjonssjef Lill Tove Nilsen i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
– Mange bruker berre solkrem for å beskytte seg, men dei færraste smørar seg med tjukt nok lag til at solkremen gir den beskyttelsen som faktoren tilseier. Ein av fordelane med klede er at du ikkje er avhengig av å hugse å smøre alle stader, eller at du smørar tjukt, jamt eller ofte nok, forklarer ho.
Farga stoff betre enn kvitt
DSA gjennomførte nyleg ein laboratorietest av solbeskyttelsen i eit utval vanlege klede, for å sjå om det var store forskjellar frå plagg til plagg. Det var det.
– Ein av dei viktigaste skilnadene er at farga bomull gir mykje betre solbeskyttelse enn kvit bomull, seier Nilsen.
Solbeskyttelsen målast i UPF (Ultraviolet Protection Factor). Det svarer til solfaktor i solkrem, angjeven som SPF, viss solkremen blir smurt tjukt nok på. Ein UPF på 50+ klassifiserast som utmerka beskyttelse. Spesiallaga UV-klede har ein slik beskyttelse. Slike klede er oftast badetøy, gjerne til born.
– Mange av dei vanlege kleda vi testa, hadde utmerka beskyttelse og UPF i same klasse som UV-klede. For eksempel hadde ei grøn t-skjorte i bomull ein UPF på 120, seier Nilsen.
Testen viste vidare at tettvevde stoff gir betre beskyttelse mot UV-stråler enn laust vevde stoff. Plagg du kan sjå gjennom når du held dei opp mot sola, gir ikkje god nok beskyttelse, sjølv ikkje om dei er farga.
Vått betre enn tørt
Eit overraskande funn er at syntetiske plagg av til dømes polyester, får auka solbeskyttelse når dei blir våte. Det skuldast truleg at stoffet ikkje trekk til seg vatn slik som bomull gjer.
– Det er godt nytt for dei som trenar i sola, til dømes born som spelar fotball i syntetisk fotballdrakt, eller syklistar som oppheld seg mange timar i sola i syntetisk treningstøy. Dei treng ikkje bekymre seg for å bli solbrent gjennom trøya, sjølv om ho blir våt av sveitte. Unntaket er viss stoffet er laust vevd, då slepp meir av UV-strålane igjennom, seier Nilsen.
For bomullsstoff er det derimot annleis, i alle fall for lyse bomullsklede.
– Kvit bomull mister mykje av beskyttelsen når den blir våt. Testen viste at ei våt, kvit t-skjorte berre hadde ein fjerdedel så mykje solbeskyttelse som ei tørr ei, seier Nilsen.
Farga bomullstøy får nærast inga endring i solbeskyttelse når det blir vått, så igjen er farga klede betre enn kvite.
Meir solbrent i Noreg
Kor tett vevd stoffet er, om det er farga, og om det er tørt eller vått betyr noko for kor godt kleda beskyttar huda di.
– Vår konklusjon er at klede generelt beskyttar godt, men ikkje alle vernar nok mot sterk sol, seier Nilsen.
Solvaneundersøkingar viser at nordmenn blir oftare solbrent heime i Noreg, enn på reiser til sørlegare strok. Det er òg fleire som har blitt solbrent når dei berre er utandørs og gjer andre ting, enn dei som har blitt det i forbindelse med soling.
– Det viser at solbeskyttelse er viktig uansett kor du er og kva du gjer. Sørg for gode skyggestader, kutt ned på tida i sterk sol, og kle på deg så du ikkje blir brent, seier Lill Tove Nilsen.
Alle resultata frå testen
Testen som DSA har gjort, viser at ein kan dele inn klesplagg i grove kategoriar, etter kor god solbeskyttelse dei har:
- Laust hekla bomull (kniplingsaktig): UPF 3
- Lette, lyse sommarklede i bomull: UPF ca. 6
- Trenings t-skjorter og vanlege t-skjorter i bomull: UPF frå 20 og høgare
- Tettvove dongeristoff: UPF 500 og høgare