Urankart – flymålingar av gammastråling

I delar av landet har Noregs geologiske undersøking (NGU) kartlagt urankonsentrasjonen ved hjelp av målingar frå fly. Urankonsentrasjonen i grunnen blir berekna frå målingar av gammastråling.

Sist oppdatert: 21. juli 2020 12:49

Urankonsentrasjonen i grunnen heng saman med samansetninga av bergartar. Der urankonsentrasjonen er høg, aukar sjansen for at området er radonutsett.

Urankonsentrasjonen er likevel berre ein av faktorane som er med på å bestemme kor utsett eit område er for radon. Til dømes kan område som består av permeable lausmassar, vere radonutsette, sjølv om urankonsentrasjonen ikkje er spesielt høg. Høg permeabilitet betyr at massane er svært gjennomtrengelege for luft, og at radon kan bevege seg over store avstandar på kort tid saman med jordlufta.

Kartlegging av uran frå fly gir urankonsentrasjonen på overflata. Uranrike bergartar som er dekte over med mindre uranrike bergartar og lausmassar, vil ikkje bli identifiserte i ei slik kartlegging. 

Meir informasjon

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.