Kartleggingar av radon i inneluft

Ei rekke kommunar har gjennomført kartleggingar av radon i inneluft, enten i samarbeid med DSA eller på eiga hand. Ved å kartlegge radon, til dømes i bustader, vil ein få informasjon om kor radonutsett eit område er.

Sist oppdatert: 14. juli 2020 09:52

Ei rekke kommunar har gjennomført kartleggingar av radon i inneluft, enten i samarbeid med DSA eller på eiga hand. Ved å kartlegge radon, til dømes i bustader, vil ein få informasjon om kor radonutsett eit område er. 

Dersom det innanfor eit avgrensa område enten er: 

  • éin eller fleire bustader med særleg høgt radonnivå, eller 
  • uvanleg høg del av bustader med radonnivå over 200 Bq/m³,

blir det tilrådd at kommunen tar omsyn til radon i planarbeidet. 

Tal frå DSA si kartlegging av ca. 29 000 bustadar i 114 kommunar i 2000/2001
 Radonnivå (Bq/m³) Bustadar over 
gitt radonnivå i Norge (%)
 > 100  24
 > 200  9
 > 1000  0,6
 > 2000  0,2

Informasjon om utbygde område

Slike kartleggingar gir berre informasjon om utbygde område, med mindre ein ved bruk av berggrunnskart, lausmassekart eller urankart frå flymålingar kan anta eit tilsvarande forhold innanfor eit geologisk avgrensa område. Men dette krev geologisk kompetanse. 

For å bruke kartlegginga til å bestemme ekstra radonutsette område kan ein vurdere kartlegginga opp mot tala i tabellen under. Det er då viktig å ta omsyn til korleis kartlegginga er gjennomført, som til dømes om kartlegginga inneheld mange nok målingar, og om målingane representerer eit tilfeldig utval av bygningar.

Meir informasjon

Vi har ein database med måleresultat frå desse og andre kartleggingar. Kommunen kan få tilgang til desse resultata ved å kontakte oss.

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.