Der det finst alunskifer, blir kommunen tilrådd å ta omsyn til radon i planarbeidet. Alunskifer finst i fylka Oslo, Akershus, Buskerud og Telemark.
Radonnivå (Bq/m³) | Bustadar over gitt radonnivå (%) | |
Heile landet | På alunskifer | |
> 100 | 24 | 66 |
> 200 | 9 | 46 |
> 1000 | 0,6 | 10 |
> 2000 | 0,2 | 4 |
Innhaldet av uran/radium i alunskifer varierer (sjå tabell under). Ulike alunskiferområde vil derfor i varierande grad vere utsette for radon, og karta tar ikkje omsyn til denne variasjonen. Karta viser også berre kor alunskiferen finst som fast fjell nær overflata.
Alunskifer finst også i djupare lag dekt av andre typar bergartar. Dessutan finst det område utanfor den avmerkte alunskiferen på kartet der fragment av alunskifer er blitt transportert og inkorporert i lausmassar og jord gjennom naturlege prosessar, særleg erosjon under og etter siste istid. Dette kan gjere det nødvendig å utvide området der ein bør ta omsyn til alunskifer og radon utover det området som er avmerkt på alunskiferkarta.
Bergart | Aktivitetskonsentrasjon av radium-226 (Bq/kg) |
Normal granitt | 20-120 |
Uranrik granitt | 100-600 |
Gneis | 20-100 |
Dioritt | 1-10 |
Sandstein | 5-60 |
Kalkstein | 5-20 |
Skifer | 10-120 |
Alunskifer fra: | |
- midtre kambrium | 120-600 |
- øvre kambrium – nedre ordovicium | 600-5000 |
Alunskiferrik jord | 100-2000 |
Morenejord | 20-80 |
Leire | 20-120 |
Sand og silt | 5-25 |
Alunskifer har også andre strålevern- og miljømessige utfordringar, og ved utgraving vil alunskifer i mange tilfelle bli rekna som radioaktivt avfall, sjå sida vår om Potensielt syredannende bergarter.
Meir informasjon
Norges geologiske undersøkelse (NGU) og DSA har gitt ut alunskiferkart: