Dette gjer DSA

DSA er myndigheit og kompetanseorgan for atomsikkerhet, all bruk av stråling, for naturleg stråling og for radioaktiv forurensing i miljøet.

Sist oppdatert: 25. august 2020 12:41

Samfunnsoppdraget

DSA arbeider for å redusere negative følgjer av stråling ved å sjå til at handtering av strålekjelder, radioaktivt avfall og utslepp, medisinsk strålebruk og avvikling og opprydding av atomanlegga (dekommisjonering) vert gjennomført rett og forsvarleg. Vi arbeider for redusert eksponering for naturleg stråling frå radon og UV. I tillegg forvaltar vi eksponering frå elektromagnetiske felt.

Vidare arbeider vi for auka atomtryggleik internasjonalt og for å hindre spreiing av radioaktivt materiale.

Vi utøver samfunnsoppdraget vårt bl.a. ved å forvalte regelverk, føre tilsyn, rettleie, informere, gi råd og forvalte kunnskap.

Dette gjer vi

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik:

  • er øvste atomtryggleiksmyndigheit i Noreg, og er innstillande fagmyndigheit til konsesjon for nuklære anlegg.
  • fører tilsyn med all bruk av strålekjelder i medisin, industri og forsking og med dei to forskingsreaktorane i Noreg.
  • overvakar naturleg og kunstig stråling i miljø og yrkesliv.
  • har eit omfattande bilateralt prosjektsamarbeid med andre land.
  • Driv noko FoU-verksemd
  • leiar og har sekretariat og operasjonslokale for den nasjonale atomberedskapen
  • Har standardlaboratorium for måling av stråledose og radioaktivitet på vegne av Justervesenet
  • er deltakar i Senter for radioaktivitet, mennesker og miljø (CERAD), som er eit Senter for fremragende forskning

Organisasjonskartet.

Departement vi høyrer til

  • Vi er eit direktorat under Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Vi er også direktorat for Klima- og miljødepartementet på området radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.
  • I det internasjonale atomtryggleiksarbeidet utfører vi oppgåver for Utanriksdepartementet.
  • Vi er innstillande myndigheit for Forsvarsdepartementet etter atomenergilova og tilsynsmyndigheit når det gjeld anløp av militære reaktordrivne fartøy.

Meir informasjon