Gå rett til innhold

Svært låge nivå av radioaktivitet i luft

I desember vart det ved to høver målt svært låge nivå av radioaktivitet i luft i Rogaland og på Svalbard.

Sist oppdatert: 27. januar 2023 15:01

Konsentrasjonane som er målte utgjer ingen risiko for menneske eller miljø. Nivåa er rett rundt deteksjonsgrensa.

Svært låge nivå av radioaktivt jod (I-131) vart påvist på luftfilterstasjonen på Sola i Rogaland i veke 50, 9.-16. desember. 

I veke 51, 24.-25. desember 2022, vart det påvist svært låge nivå av ruthenium-106 (Ru-106) på CTBTO-stasjonen på Svalbard som vert drifta av stiftelsen NORSAR. 

Desse målingane har ikkje samanheng med krigen i Ukraina.

DSA har kontinuerleg overvaking for å oppdage radioaktivitet i lufta over Noreg, og det er ikkje uvanleg at DSA gjer slike målingar i løpet av eit år.