Spesialutgåve om atomarv

Journal for Radiological Protection har nyleg publisert ei spesialutgåve om tidlegare atom- eller kjernefysisk aktivitet – også kalla atomarv. Tema er handtering og regulering av atomarven. Fagdirektør Malgorzata K. Sneve frå DSA er ein av gjesteredaktørane.

Sist oppdatert: 19. mai 2022 09:34

Journal for Radiological Protection er den mest anerkjende publikasjonen om strålevern.

DSA har i fleire år jobba med regulering av atomarven saman med myndigheiter i Russland, Sentral-Asia og delvis i Ukraina. Målet er å støtte utviklinga av ein heilskapleg og praktisk tilnærming for å regulerer og handtere utfordringane med atomarven. Internasjonalt manglar det standarar for dette arbeidet.

I 2019 var DSA ein av arrangørane av ein workshop om atomarv. Diskusjonar og presentasjonar på denne workshopen har bidratt til at mange har publisert sitt arbeid i spesialutgåva til Journal for Radiological Protection.