Rapport om langtidsmålingar av radiofrekvente felt i Kristiansand

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og DSA har gitt ut den andre rapporten om langtidsmålingar av radiofrekvente felt i Kristiansand. 

Sist oppdatert: 03. juli 2020 10:10

Publisert 03.07.2020

Vi har kontinuerlege målingar frå 2013 til 2019. Målingane viser at eksponering utandørs utgjer under 1 ‰ (promille) av grenseverdien. Resultata frå måleprosjektet viser at eksponeringa i samfunnet ikkje nødvendigvis aukar over tid og ved innføring av nye teknologiar.