Gå rett til innhold

Oppdatert kunnskap om norske havområde

DSA har vore med på å utarbeide faggrunnlaget regjeringa skal bruke i arbeidet med å oppdatere forvaltningsplanane for dei norske havområda Barentshavet-Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak.

Sist oppdatert: 16. mai 2023 08:50

Dei nye rapportane inneheld ei oppsummering av miljøtilstanden i havområdet, endringar og utviklingstrekk for miljøtilstand og samla belastning, særleg verdifulle og sårbare område, aktiviteten til næringane og deira påverknad på miljøet og andre næringar.

Faggrunnlaget tek også for seg verdiskaping i dei havbaserte næringane, økosystemtenester, risiko for og beredskap mot akutt forureining, kunnskapsbehov, vurdering av måloppnåing og gjennomføring av tiltak.

DSA har i arbeidet med faggrunnlaget, bidratt med kunnskap om radioaktive stoff og forureining i havområda. Atomberedskap er omtalt saman med anna risiko for og beredskap mot akutt forureining.

DSA er med i både Fagleg forum for norske havområde og Gruppa for overvaking av dei marine økosystema.