Gå rett til innhold

Nytt nasjonalt system for overvaking av medisinsk strålebruk

Helsedirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har etablert eit samarbeid om eit nasjonalt system for overvaking av medisinsk strålebruk. Dette nasjonale datagrunnlaget vil bli nytta til mellom anna kvalitetsforbetring, helseovervaking, styring og forsking. Første leveranse frå prosjektet er no klar for publisering.

Sist oppdatert: 29. mars 2023 15:15

Skjermbilde av ei nettside som viser ulike grafiske framstillingar av pasientdata.
Helsedirektoratet og Norsk pasientregister (NPR) har ansvar for å samle inn data frå spesialisthelsetenesta, inkludert medisinsk stråling.

Helsedirektoratet og Norsk pasientregister (NPR) har ansvar for å samle inn data frå spesialisthelsetenesta, inkludert medisinsk stråling. No skal sjukehusa rapportere digitalt direkte til Helsedirektoratet, og data blir ein del av NPR. Det reduserer dobbeltregistrering og dobbelrapportering i sektoren.

Det er framleis behov for separat rapportering til HELFO på poliklinisk radiologi, og Kreftregisteret har også eigen rapportering av data. Men på sikt er målet lik rapportering også til desse formåla.

Betre oversikt

– Det er gledeleg at DSA og Helsedirektoratet saman får etablert ei digitalisert verdikjede for datasett innan stråleterapi inn til registera våre. Dette vil gje Helsedirektoratet ein betre og meir effektiv måte å fylgje opp tenesta på, mellom anna for å redusere uønskt variasjon ute i tenesta og auke pasient-tryggleiken. Det vil òg gje dei rapporterande einingane betre oversikt over eigen praksis og gje høve til å jamføre seg med andre, liknande einingar. Det er òg fint å sjå at godt samarbeid på tvers av etatane gjev resultat på DSA sitt samfunnsoppdrag, seier avdelingsdirektør Olav Isak Sjøflot i Helsedirektoratet.

Portrettbilde av mann med dressjakke og briller.
Olav Isak Sjøflot, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet (Foto: Helsedirektoratet)

Sjukehusa har manuelt rapportert inn data frå verksemda for stråleterapi til DSA i perioden 2001-2015. For perioden 2016-2019 har det vore parallellrapportering til NPR og DSA, noko som har gjort kvalitetssikring av det nye systemet mogeleg.

Koordinert rapportering

– I framtida vil desse dataa kome frå NPR som del av ein sams og koordinert rapportering. Dette har vore eit nybrottsarbeid og ein lang prosess, og vi er glade for at vi no er klare for å publisere dei første dataa for stråleterapi. Sjukehusa har gjort eit stort arbeid for å få dette på plass, og dette vil kunne effektivisere overvakinga DSA gjer av medisinsk strålebruk, seier avdelingsdirektør Kristin Frogg i DSA.

Portrettbilde av kvinne med pen jakke og halvlangt hår.
Kristin Frogg, avdelingsdirektør i DSA. (Foto: DSA)

Data er rapportert inn frå alle stråleterapiavdelingar i Noreg. Behandlingsapparata er kopla direkte opp mot eit informasjonssystem, slik at aktivitetsdata automatisk blir oppdatert ved behandling. Innrapporterte verdiar blir no samanstilte hos NPR for statistikkvising i diagram og tabellar.

Desse anonymiserte visingane vil vere offentleg tilgjengelege. Seinare vil det òg kome meir detaljerte visingar om strålebehandlinga som vil kunne gje dei rapporterande sjukehusa meir innsikt i eigen praksis. Desse dataa vil bli skjerma bak pålogging, og vil i fyrste omgang bli brukt til kvalitetsforbetring og helseovervaking.

Visingane er inndelte i fleire modular. I fyrste omgang vil visingane dekke hovudtal og trendar for planlegging og behandling, samt meir pasientspesifikke data. Seinare vil det bli utvida med fleire data om apparat, diagnosar og stråledosar.