Gå rett til innhold

Noreg rapporterte på handtering av radioaktivt avfall og brukt brensel

Noreg er forplikta til å rapportere på gjennomføringa av Felleskonvensjonen om tryggleik ved handtering av brukt atombrensel og handtering av radioaktivt avfall kvart tredje år. Rapporten blei lagt fram i Wien denne veka. 

Sist oppdatert: 17. mars 2025 17:15

Mennesker i møterom
DSAs delegasjon på felleskonvensjonen med direktør Per Strand og assisterende direktør Kristin Elise Frogg (t.h) i spissen. Foto: DSA.

Dette er åttande gong Noreg rapporterer på forpliktingane, og den nye rapporten løftar fram viktig utvikling sidan førre rapporteringsmøte i 2022. 

- Vi har gjort mykje for å styrke arbeidet med handtering av radioaktivt avfall i Noreg dei siste åra. Strategien for ein trygg, sikker og forsvarleg handtering av radioaktivt avfall er særleg viktig, seier direktør Per Strand i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA). 

Noreg blei anerkjend for at strategien for ei trygg, sikker og forsvarleg handtering av radioaktivt avfall er ein betydeleg milepæl å styrke tryggleiken. Strategien blei løfta frem som ein «good performance» for å oppfylle pliktane i konvensjonen av dei andre landa som har gjennomgått Noregs rapport. 

Noreg fekk óg merksemd for arbeidet med å redusere mengda høganrika uran saman med USA, som er ei handtering av brukt atombrensel frå dei norske forskningsreaktorane.

Avfallsdeklarering.no er blitt styrka som system for å deklarere radioaktivt avfall og for å styrke kunnskapsgrunnlaget, og blei anerkjend som eit viktig framsteg for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for forvaltninga. 

Under møtet fekk Noreg anbefalingar om å styrke arbeidet med å sikre nok kapasitet til å handtere radioaktivt avfall framover, vidare arbeid med å forberede overgangen frå drift til avvikling av atomverksemd, og å vidareutvikle arbeidet med kapasitet og kompetanse. 

- Noreg nyttar anledninga til å lære og få råd frå andre land, og tar med oss anbefalingane heim i vårt vidare arbeid, seier Strand.