Gå rett til innhold

Måling av radioaktivitet i dyr på utmarksbeite

Kvar sommar overvakar DSA radioaktivitetsnivåa i sau og i ku- og geitemelk frå utvalde besetningar på utmarksbeite i Innlandet, Viken, Vestland og Nordland. Målet er å få kunnskap om forventa nivå av radioaktivt cesium i sauekjøt før slakting om hausten.

Sist oppdatert: 15. september 2023 10:20

Geit, trær
Overvaking av radioaktivt cesium i sau og mjølk frå ku og geit har vore gjennomført kvart år sidan 1988. Foto: Olaug Gjelsvik.

- Resultata vert også brukt til å vurdere varigheit av radioaktiv forureining i viktige næringsmiddel. I tillegg gir overvakinga kunnskap om opptak og overføring av radioaktive stoff i naturen. Dette er nyttig for å kunne vurdere konsekvensar ved ei eventuell framtidig atomulukke, seier seksjonssjef Bård Olsen i Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet.

I Noreg er Tsjornobyl-ulukka i 1986 den største kjelda til radioaktiv forureining. Radioaktivt cesium frå ulukka finnast framleis i naturen.

Årets resultat

Resultata i år viser at nivåa i sau frå Vestre Slidre og geitemjølk fra Vang i Innlandet og Røyrvik i Trøndelag har den største auka av radioaktivt cesium, men dette er innanfor typiske år til år-variasjonar. Alle resultata så langt viser nivå under gjeldande grenseverdi.

Mykje sopp gir auka nivå av radioaktivitet

Dei store variasjonane frå år til år i nivåa av det radioaktive stoffet cesium-137 skuldast først og fremst at tilgangen på sopp og forskjellige beiteplantar vert endra frå år til år. Sidan sopp kan innehalde frå 10-1000 gongar meir radioaktivt cesium enn plantar, vil mykje sopp i råka beiteområde føre til auka nivå av cesium-137 i dyr som et sopp. Sankarar DSA har kontakt med melder om veldig bra soppsesong på Austlandet, men litt meir på det jamne i resten av landet.