Gå rett til innhold

Låge nivå av radioaktivt jod er målt i Tromsø

DSA har målt svært låge nivå av radioaktivt jod (I-131) på luftfilterstasjonen vår i Tromsø mellom 4. og 11. april.

Sist oppdatert: 16. april 2024 14:20

Konsentrasjonane som er målte utgjer ingen risiko for menneske eller miljø. Ingen andre kortliva menneskeskapte radionuklidar blei påvist. 

Dei små mengdene av jod kjem sannsynlegvis frå bruk av I-131 ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN), som har løyve til å sleppe ut I-131 til avløpsvatnet. Radioaktivt jod blir nytta av UNN til medisinske føremål. 

DSA har kontinuerleg overvaking for å oppdage radioaktivitet i lufta over Noreg, og det er ikkje uvanleg at vi gjer slike målingar i løpet av eit år. Sist var mellom 21. og 26. mars.