Konferanse om radioøkologi og radioaktivitet i miljøet

DSA arrangerer “International Conference on Radioecology and Environmental Radioactivity Online event (ICRER)” 29. juni til 1. juli.

Sist oppdatert: 21. juni 2021 12:22

Dette internasjonale arrangementet på nett tek for seg tema innan blant anna radioøkologi og radioaktivitet i miljøet og er ein introduksjon til sjølve ICRER-konferansen i september 2022 i Oslo.

- Det er mange viktige tema, blant anna risiko- og konsekvensvurdering for menneske og miljø, betydninga av internasjonalt samarbeid, atomberedskap og handtering av radioaktivt avfall og nedfall etter atomulykker, seier direktør i DSA, Per Strand.

Arrangementet er gratis for deltakarane, og det er framleis mogeleg å melde seg på.