Gå rett til innhold

For seint å starte radonmåling denne sesongen

Har du planar om å måle radon i bustaden din? Då bør du vente til hausten.

Sist oppdatert: 16. februar 2024 09:53

Vinterlandskap med fleire einebustader. Høge furutre i bakgrunnen.
Radon er ein usynleg og luktfri radioaktiv gass, som blir danna kontinuerleg i jordskorpa. For høge radonnivå innandørs utgjer ein helserisiko. (Foto: Getty Images)

Ei radonmåling skal gjennomførast i minst to månadar mellom midten av oktober og midten av april. Dersom du ikkje allereie er godt i gang med å måle, rår vi deg difor til å vente til neste målesesong. Ny målesesong startar igjen i midten av oktober.

Radon er ein radioaktiv gass, og radon i bustaden aukar risikoen for lungekreft. Noreg er eit av dei landa i verda som har dei høgaste konsentrasjonane av radon i bustader. Årsaka er både dei geologiske forholda i landet vårt, klimaet og måten vi byggjer bustadene våre på.

Det er ikkje mogleg på førehand å seie om akkurat din bustad har eit radonproblem. Den einaste måten å finne det ut på er å måle. Å måle radon er både enkelt og rimeleg, og DSA tilrår alle å gjere det.