Gå rett til innhold

Aggregat til Ukraina

Noreg har levert straumaggregat til ukrainske grensekontrollmyndigheiter.

Sist oppdatert: 20. januar 2023 10:17

Norge har i fleire år samarbeida med ukrainske grensekontrollmyndigheiter for å gjere Ukraina betre i stand til å hindre smugling av nukleært og anna radioaktivt materiale. Krigen har ført til at det er store mengder med radioaktive kjelder som ikkje lenger er under kontroll av ukrainske myndigheiter, dette aukar faren for tjuveri og smugling av radioaktivt materiale.

Norge har nyleg levert straumaggregat til Ukraina. Straumaggregata vil sikre at grensekontrollmyndigheitene har straum sjølv om straumnettverket i Ukraina blir råka av krigshandlingane i landet. Med disse aggregata kan myndigheitene ivareta arbeidet sitt med å hindre at radioaktivt materiale kjem på avvegar.

Prosjektet er finansiert gjennom atomhandlingsplanen til regjeringa, konsulentfirmaet Nordisk Sikkerhet er norsk prosjektleiar.

Oppdatering 20. januar 2023:

Det er til no levert 131 aggregat. Det står att ein leveranse på 5 aggregat i løpet av våren. 

Strømaggregat
Norge har levert straumaggregat til grensekontrollmyndigheitene i Ukraina. Aggregata gjer at dei kan ivareta arbeidet sitt med å hindre at radioaktivt materiale kjem på avvegar, sjølv ved bortfall av straum. Foto: Nordisk Sikkerhet.