Laser- og lysbehandlinger

Laser og lys har svært mange bruksområde innan både medisinsk og kosmetisk behandling. Laserar og intenst pulsa lys (IPL) kan ha ulike styrkar, og dersom det skjer eit uhell eller strålekjeldene ikkje blir brukt på rett måte, kan dei sterkaste gje permanente hud- og augeskader.

Sist oppdatert: 21. juli 2020 08:21

KORT FORTALT

Dei sterkaste laserane og intenst pulsa lys (IPL) kan gje permanente hud- og augeskader, dersom det skjer eit uhell eller strålekjeldene ikkje blir brukt riktig. Ein kan bli solbrent eller få forbrenningar av UV-behandling.

DSA jobbar for at strålevern i samband med bruk av laser og lys blir godt tatt i vare. Mellom anna stiller vi krav til kva slags helseprofesjonar som kan bruke dei ulike strålekjeldene, og at alle som handterer strålekjeldene må ha kompetanse i strålevern.

Dei som kjøper, bruker eller handterer laser klasse 4 eller intenst pulsa lys (IPL), må også melde strålekjeldene til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA). 

Bruk av laser og IPL

Laser og IPL blir blant anna brukt til hårfjerning og hudbehandling, der skilnaden mellom medisinsk og kosmetisk behandling kan vere uklar. Laser blir også brukt til synskorreksjon, tannbehandling, operasjonar, augebehandling og kreftbehandling.

Risikoar og biverknader av laser og IPL

Risikoen for biverknader er avhengig av blant anna energien på laseren. Vanlege biverknader ved bruk av laser og IPL på hud kan vere milde og forbigåande smerter, sår, hevingar og pigmentendringar. Mindre vanlege, men meir alvorlege skadar inkluderer forbrenningar, blemmer, arr, sår som ikkje vil gro, vedvarande endra pigmentering og forbigåande eller permanente augeskadar . Augeskadar kan vere overflatiske forbrenningar på hornhinna og skadar på netthinna. Ein kan bli blind av skadar på netthinna avhengig av kor på netthinna laserlyset treff.

Enkelte personar er meir eksponert for skadar ifrå laser og IPL enn andre. Mørk hud absorberer meir lys enn lys hud, noko som gjer at mørkhuda personar er meir utsett for skadar. Dette gjeld også personar som oppheld seg mykje i sola og personar som tek medisinar eller har sjukdommar som gjer dei meir ømfintleg for lys.

Laserbehandling egnar seg ikkje for alle pasienter. Dette er mellom anna avhengig av pasienten sin hud- og hårtype.

For å redusere risikoen for unødvendige biverknader, er det viktig at laser og IPL blir brukt på rett måte. Det kan også vere nødvendig for behandlar og pasient å bruke spesialtilpassa augevern/briller, å hindre at det er reflekterande flater i behandlingsrommet (speil eller liknande), eller å kjøle ned huda undervegs i behandlinga

Gravide kan få uønskte kosmetiske resultat ved ei laser- eller IPL-behandling. Sårtilhelinga kan vere annleis enn for ikkje-gravide, og ein har større risiko for å få uønskt pigmentering. Det er ingen risiko for fosteret ved ei laser- eller IPL-behandling.

Lysbehandling av gulsott hos nyfødde

Grunnen til gulsott hos nyfødde er at kroppen inneheld for mykje av fargestoffet bilirubin. Det er ein naturleg tilstand som vanlegvis går over av seg sjølv, men for mykje bilirubin i kroppen kan i sjeldne tilfelle føre til hjerneskade. For å vere på den sikre sida, får difor nokre barn med gulsott lysbehandling, også kalla fototerapi med blått lys. Behandlinga hjelper barnet å bryte ned bilirubin i blodet.

Barn som får lysbehandling, får dekka auga med spesialbriller og blir lagt nakne i ei kuvøse eller under ei lampe i ei vanleg seng. Verknaden av lysbehandlinga er avhengig av mengde lys, avstand til lampen, kor lenge lysbehandlinga varer og type lyskjelde. Eitt eller nokre få døgn med behandling er ofte tilstrekkeleg. Ein kan ta ut barnet for å amme, stelle og kose under behandlinga.

Lysbehandling har svært få biverknader, men barnet kan bli for varm, bli dehydrert eller få utslett.

Fotodynamisk behandling

Fotodynamisk behandling (PDT) er ei form for lysbehandling som blir brukt til behandling av nokre typar hudkreft og forløparar til kreftutvikling i huda. Behandlinga skjer med synleg lys, ofte raudt lys frå LED-panel eller frå laserar. Utandørsbehandling frå vanleg sollys er også etablert fleire stader.

Før behandling får kroppen tilført eit stoff som gjer cellene meir følsame for synleg lys. Stoffet blir injisert i eller smurt på huda nokre timar før lysbehandlinga. Lyset som blir brukt, er ikkje så sterkt at det normalt vil vere noko helsefare. Behandlaren blir likevel råda til å bruke augevern for å unngå å bli blenda og minske risikoen for forbigåande synsforstyrringar. For pasienten kan metoden nokre gongar vere smertefull, og kjøling eller lokalbedøving er ofte nødvendig.  

UV-behandling

Innan medisin blir kunstig framstilt UV-stråling brukt til å behandle ulike hudsjukdommar, som til dømes eksem og psoriasis. Det er fleire typar behandlingar og det er hudlegen som avgjer kva for ei type UV-behandling som skal brukast i det enkelte tilfelle. Behandlingane kan vere med UVA, UVB, kombinert UVA og UVB og Psoralen (medikament) saman med UVA (PUVA).

Dei kortbølga UVB-strålane er som regel effektive. I nokre tilfelle blir UVB- kombinert med UVA-stråling slik at ein kan nytte seg av både den effektive biologiske verknaden til UVB-strålinga og UVA-strålinga si gjennomtrengingsevne i huda.  Når ein pasient startar behandling med UV, toler huda ein ganske låg UV-dose, men den blir herda og pigmentert etterkvart. Dosen kan difor gradvis aukast. Ein ønskjer å behandle heilt opptil det huda toler for å få best mogleg effekt. Dersom aukinga i dose skjer for raskt, kan pasienten bli solbrent og få forbrenningar. Då må opptrappinga skje langsamare. Dette er eit godt eksempel på biologisk dosimetri der pasienten er sin eigen doseindikator i stadet for ein bestemt doseringsplan som skal gjelde for alle.

PUVA-behandling står for «psoralen og UVA-behandling» og blir blant annet brukt mot psoriasis. Psoralen er eit medikament (tablettar)  som pasienten får før behandling og gjer pasient meir følsam for UVA-strålinga som blir brukt i behandling. Ved uforsiktig soling i behandlingsperioden, kan pasienten få solforbrenningar i huda.

Fordelane med å bruke stråling skal vere større enn ulempene

Fordelane med å bruke stråling skal vere større enn ulempene som strålinga kan medføre, og det må gjerast ei vurdering av om bruk av stråling hovudsakleg  er til nytte for pasienten, eller om det er andre metodar som kan vere eit betre alternativ. Dei fleste medisinske behandlingar med laser og lys er heilt klart velgrunna, men det er viktig at det også blir gjort ei vurdering av bruk av laser og IPL-behandlingar innan kosmetisk strålebruk.

Bruk av stråling skal også skje etter faglege forsvarlege og dokumenterte prosedyrar og det er viktig at stråledosane ikkje er høgare enn nødvendig, enn det som gir eit godt behandlingsresultat.

DSA si rolle

Verksemder som brukar laser og lys til behandling, må følgje krava i strålevernlova og strålevernforskrifta. Blant anna vert det stilt krav om kva for helseprofesjonar som kan bruke dei ulike strålekjeldene. Les meir om dette i veiledarane våre. Alle som er involvert i bruk av stråling, enten som fagleg ansvarlege eller dei som betener apparatet, må ha tilstrekkeleg kunnskap om stråling, strålevern og risiko knytt til bruken.

DSA fører tilsyn med verksemder som brukar stråling for å kontrollere korleis verksemda oppfyller krav i strålevernregelverket. Tilsyn kan vere stadleg eller nettbasert. Vi behandlar også meldingar om laser klasse 4 og IPL (meld strålekjelder til DSA via vårt meldesystem for strålekjelder). DSA gir også råd og rettleiing til verksemder om strålevern i samband med laser og lys, og vi svarar på spørsmål frå publikum.

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.