Krav til persondosimetri

I høve til norsk lovverk og internasjonale tilrådingar er arbeidsgivar pålagt å sørge for at tilsette som arbeider med ioniserande stråling, får slått fast si personlege stråleeksponering.

Sist oppdatert: 01. november 2021 1237

KORT FORTALT

  • I strålevernforskrifta § 33 blir det sett krav til at alle yrkeseksponerte i kategori A og yrkeseksponerte i kategori B som kan få effektiv dose over 1 mSv/år, skal få slått fast si individuelle stråleeksponering.
  • Arbeidstakar skal informerast skriftleg eller elektronisk om doseavlesingane. Arbeidsgivar skal følge opp dosar til dei tilsette. 
  • Alle verksemder skal oppbevare persondoserapportane inntil arbeidstakar er fylt, eller ville ha fylt, 75 år, og i minst 30 år etter at arbeidet som innebar stråleeksponering, er avslutta.
  • Resultata av overvakinga skal årleg rapporterast til nasjonalt yrkesdoseregister ved DSA.

Krav til persondosimetri i strålevernforskrifta

I strålevernforskrifta § 33 er det sett krav til at alle yrkeseksponerte i kategori A og yrkeseksponerte i kategori B som kan få effektiv dose over 1 mSv/år, skal få slått fast si individuelle stråleeksponering.

Dette kan skje ved at arbeidstakarane ber med seg personlege måleinstrument, såkalla persondosimeter. Hensikta med doseovervakinga er å kontrollere at den individuelle stråleeksponeringa blir halden så låg som mogleg og innanfor dei gjeldande dosegrensene.

Verksemda skal systematisk overvake yrkeseksponerte i kategori A. Overvakinga av effektiv dose skal vere basert på individuelle målingar som blir utførte av ei persondosimetriteneste, dvs. bruk av persondosimeter. Der dette ikkje er praktisk mogleg, skal individuell overvaking vere basert på doseberekningar. I tilfelle der arbeidstakarar kan bli eksponerte for ei vesentleg intern bestråling eller ei vesentleg bestråling av augelinsa eller ekstremitetane, skal ein innføre eit eige overvakingssystem.

Verksemda skal sørge for at yrkeseksponerte i kategori B som kan få effektiv dose over 1 mSv/år, får slått fast si individuelle stråleeksponering. Dette kan ein gjere ved individuelle målingar som blir utførte av ei persondosimetriteneste (ved bruk av persondosimeter), eller som er basert på individuelle doseberekningar. Individuelle målingar eller berekningar er ikkje nødvendig der årsdosar over 1 mSv kan utelukkast.

Krav til arbeidsgivar

Verksemda skal sørge for at arbeidstakar blir informert skriftleg eller elektronisk om doseavlesingane, jf. § 33 i strålevernforskrifta. Arbeidsgivar har vidare ansvar for å følge opp dosar til dei tilsette. Når det oppstår høge dosimeteravlesingar, skal arbeidsgivar undersøke årsakene til dei høge dosane, og sette i verk tiltak slik at det ikkje gjentar seg.

Alle verksemder skal oppbevare persondoserapportane inntil arbeidstakar er fylt, eller ville ha fylt, 75 år, og i minst 30 år etter at arbeidet som innebar stråleeksponering, er avslutta, jf. § 34. Resultata av overvakinga skal årleg rapporterast til nasjonalt yrkesdoseregister ved Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Inndeling av yrkeseksponerte arbeidstakarar

Verksemda skal sørge for at yrkeseksponerte arbeidstakarar blir inndelte i to kategoriar, jf. § 31 i strålevernforskrifta.

Kategori A: yrkeseksponerte som kan bli utsette for

  • ein effektiv dose over 6 mSv/år,
  • ein ekvivalent dose over 150 mSv/år til huda og ekstremitetane eller
  • ein ekvivalent dose over 15 mSv/år til augelinsa.

Kategori B: yrkeseksponerte som ikkje blir klassifiserte i kategori A.
 

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.