Gå rett til innhold

Helserisiko ved røntgendiagnostikk

Helserisikoen ved røntgen brukt i helsevesenet er generelt liten, og verksemda som utfører røntgenundersøkinga er pliktig å vurdere at nytten er større enn ulempa.

Sist oppdatert: 21. juli 2020 09:45

KORT FORTALT

Barn og foster er meir følsame for stråling enn vaksne. Derfor bør du fortelje radiografen som utfører undersøkinga, om du er gravid.

Om du tek røntgen når du er gravid, vil stråledosane vere betydeleg lågare enn det som vil føre til ein risiko for akutte skadar på fosteret. 

Risiko for stråleskadar blir redusert med alderen, slik at eldre personar har mindre risiko for å utvikle kreft som følgje av stråling.

Hør vår podkastepisode om røntgen her:

Gravid og røntgen

Barn og foster er meir følsame for stråling enn vaksne. Derfor bør du fortelje radiografen som utfører undersøkinga, om du er gravid. Dersom du ikkje skal ta bilete av bekken eller magen, er ein graviditet normalt ikkje eit hinder for å gjennomføre undersøkinga.

Dersom det blir teke bilete av deg når du er gravid, vil stråledosane ved røntgenundersøkinga vere betydeleg lågare enn det som vil føre til ein risiko for akutte skadar på fosteret. For at du skal kjenne deg trygg, kan det likevel vere greitt at den radiologiske avdelinga gjer ei vurdering av storleiken på stråledosa.

Denne filmen gir eksempel på vurderingar kring graviditet og røntgenundersøking:

Lenke til videoen om graviditet og røntgen.

Nytte og risiko

Legen som har tilvist og avdelinga som undersøker, skal i forkant av undersøkinga gjere ei vurdering av nytten og risikoen ved undersøkinga. I mange tilfelle er det viktig å ta røntgenbilde for å avdekke eventuell sjukdom, eller å vurdere  effekt av ei behandling. I desse tilfella vil nytteverdien av undersøkinga overstige strålerisikoen. Når det er bestemt at ei røntgenundersøking skal gjennomførast, er det viktig at denne vert gjort med lågast mogleg stråledose og god nok bildekvalitet til å kunne vurdere bileta.

Risiko for stråleskadar blir redusert med alderen, slik at eldre personar som er den aller største pasientgruppa, har mindre risiko for å utvikle kreft som følgje av stråling. Barn i vekst har rask celledeling i de fleste kroppsvev og er derfor meir kjenslege for stråling enn vaksne. Dei har og mange fleire forventa leveår enn vaksne, og ein vil derfor halde stråleksponeringa ekstra låg på barn. Stråledosa og bildekvaliteten ved undersøkinga blir tilpassa alder og den sjukdommen/skada pasienten eventuelt har, og det finns ofte egne prosedyrar for barn.

Denne filmen beskriv nokre av vurderingane som blir gjort for å vurdere om og korleis ei undersøking skal gjerast.  

Lenke til video om nytte og risiko (berettigelse) av røntgen.

Risiko for nokre vanlege røntgenundersøkingar

For gje eit bilete av den omtrentlege risikoen frå ulike typar røntgenundersøkingar, er dei gjennomsnittlege stråledosane samanlikna med gjennomsnittleg bakgrunnsstråling i tabellen under.

Naturleg bakgrunnsstråling er stråling vi har rundt oss til ei kvar tid. Denne strålinga kjem først og fremst frå radon og thoron i lufta, frå naturleg førekomst i mat og drikke, jordsmonn og bygningar, og frå verdsrommet. Naturleg bakgrunnsstråling er ca. 4,1 millisievert per år (mSv/år), men den vil variere frå stad til stad blant anna pga. forskjellige radonnivå.

Tabellen under viser den ekstra risikoen for å få kreft frå forskjellige undersøkingar. 

Røntgenundersøking Effektiv dose*
[mSv] 
Tilsvarande periode med naturleg bakgrunnsstråling   Ekstra risiko for å utvikle kreft**

Beintettleiksmåling 
Tenner
Lunger
Armar og bein
Hender og føter 
Nakke

< 0,1 mSv Nokre dagar Ubetydeleg risiko
Mindre enn 1 av
1 000 000
Hovud
Mammografi
Bekken/hofte
0,1 – 1,0 mSv Eit par veker Minimal risiko
1 av 1 000 000
til 1 til 100 000
Rygg
Mage
Dei fleste CT undersøkingar
Undersøking av hjartet sine blodårer
1 – 10 mSv Eit par månader til eitt år Svært liten risiko
1 av 100 000
til 1 av 10 000
CT av urinvegar
Enkelte CT-undersøkingar for diagnostikk og kontroll av kreft
Enkelte intervensjonar
10-20 mSv Eit par år Liten risiko
1 av 10 000
til 1 av 1000

* Eininga for effektiv stråledose er Sievert, men av praktiske omsyn brukar vi ofte millisievert (mSv).

** Dette er ein svært liten risiko som kjem i tillegg til den naturlege risikoen på om lag 30 % som alle har til å utvikle kreft ein eller annan gong i livet. Risikoen er også avhengig av alderen til pasienten.

DSA samanliknar stråledosar frå ulike undersøkingar ved ulike sjukehus og røntgeninstitutt, slik at vi kan vurdere kva som er rett doseområde for ulike undersøkingar. Rettleiingar blir utarbeida på bakgrunn ut frå dei dosedata som vert samla inn, og dei som utfører undersøkingar er pålagde å følgje rettleiingane frå DSA.