Gå rett til innhold

Spørsmål og svar om laser

Her gir vi svar på spørsmål vi ofte får om laserar.

Sist oppdatert: 09. november 2023 13:11

Treng eg godkjenning for å bruke laser? 

Du treng berre godkjenning for sterke laserpeikarar. Søknadsskjema til å søke godkjenning. Sjå også «Veileder om sterke laserpekere (klasse 3R, 3B og 4)».  

Du treng ikkje godkjenning for laserar som ikkje er ein sterk laserpeikar, men krava i strålevernforskrifta må følgast. Det er eigne krav for bruk av laser til behandling på menneske.  

Du må kunne dokumentere at bruk av laser er berettiga/velgrunna.  

Kva er ein sterk laserpeikar? 

Laserpeikarar klasse 3R, 3B og 4 er sterke laserpeikarar. Ein laserpeikar er ein handhalden laser med eigen straumforsyning som er laga for å peike på noko på avstand.

Det er forbode med sterke laserpeikarar utan godkjenning frå DSA.

Kva krav er det til laseren?  

Laserar skal være merka, klassifisert og produsert i samsvar med europeisk laserstandard EN 60825-1. Viss du skaffar deg ein laser, må du forsikre deg om at laseren er i samsvar med dette.

Kva er meldeplikt for laser klasse 4 og IPL? 

Verksemder må melde laserar klasse 4 eller IPL til DSA, og registrere laserane/IPL-ane i det elektroniske meldesystemet. Utstyret kan ikkje tas i bruk før det er stadfesta at meldinga er mottatt. 

Meldeplikta gjeld ikkje for privatpersonar. 

Meir informasjon om melding av strålekjelder

Treng eg godkjenning for å importere lasergraveringsutstyr? 

Nei, du treng ikkje søke om godkjenning for å importere lasergraveringsutstyr. For å være lovleg i Norge, må laseren være merka, klassifisert og produsert i samsvar med europeisk laserstandard EN 60825-1.  

Verksemder må melde laserar klasse 4 i det elektroniske meldesystemet

Kva er laserklassar? 

Laserar  blir delte inn i forskjellige klassar ut frå kva risiko dei representerer. Det finns åtte ulike laserklassar: 1, 1M, 1C, 2, 2M, 3R, 3B og 4. Viss laserklassen er skriven med romartal, er ikkje laseren i samsvar med europeisk laserstandard EN 60825-1. 

Laserar kan også ha andre klassifiseringar i tillegg, for eksempel for medisinsk bruk. Dette er ikkje det same som laserklassane.

Meir informasjon om laserklassar

Er EN 60825-1 og NEK EN 60825-1 det same? 

Ja, det betyr at den europeiske standarden (EN) er tatt inn som norsk standard (NEK). Det fins tilsvarande forstavingar for andre land. 

Treng eg godkjenning for laser til kosmetisk bruk?   

DSA godkjenner ikkje kosmetiske salongar eller laserar som nyttast til behandlingar.  

Kosmetiske salongar som bruker laserar, IPL eller andre sterke ikkje-ioniserande strålekjelder må følge strålevernforskrifta og krava der. Sjå «Veileder for bruk av optisk stråling til behandling»

Må det vere helsepersonell som utfører laserbehandlinga? 

Dei fleste laserar som nyttast til behandlingar som hårfjerning og tatoveringsfjerning, er klasse 3B eller 4. Då er det krav til at den som utfører laserbehandlinga, skal være autorisert helsepersonell.  

Laser klasse 1C vil reknast som ei sterk ikkje-ioniserande strålekjelde når han er sterk nok til å brukast til hårfjerning eller tatoveringsfjerning, og må betenast av autorisert helsepersonell.  

Det skal vere lege knytt til verksemda ved behandling med laser klasse 3B, 4, IPL eller andre sterke ikkje-ioniserande strålekjelder, og legen har ansvaret for at behandlinga blir utført forsvarleg. 

For bruk av medhjelpar, sjå rundskrivet om bruk av medhjelparar.  

Kva skal eg tenke på før eg tar ein IPL- eller laserbehandling? 

Laserbehandling eignar seg ikkje for alle. Snakk med behandlaren først om laserbehandling er noko for deg.  

Resultatet av behandlinga er mellom anna avhengig av hud- og hårtypen til pasienten. Enkelte personar er meir eksponert for skadar frå laser og IPL enn andre, til dømes personar som har sjukdommar som gjer dei meir ømfintleg for lys. Mørk hud absorberer meir lys enn lys hud, noko som gjer at mørkhuda personar er meir utsett for skadar. Ein bør ikkje sole seg i vekene før og etter behandling, og ein bør bruke solkrem med tilstrekkeleg høg solfaktor. Bruk av legemidlar og kosmetikk, til dømes sjølvbruningskremar, kan også påverke risikoen for skadar.  

Kva for skadar kan ein få av laser- og IPL-behandling? 

Laserbehandling kan gje skadar som blemmer og forbrenningar på huda, og arr på huda er rapportert hos pasientar som har fått behandling med laser. Uheldig bruk av laser og anna sterkt lys kan gje pigmentendringar.
Viss ein sterk laser treff auget, kan arr på netthinna føre til heilt eller delvis tap av synet. 

Korleis kan ein redusere risikoen for skadar ved kosmetisk behandling med laser/IPL? 

For å redusere risikoen for unødvendige biverknader, er det viktig at laser og IPL blir brukt på rett måte. Det kan også vere nødvendig for behandlar og pasient å bruke spesialtilpassa augevern/briller, å hindre at det er reflekterande flater i behandlingsrommet (speil eller liknande), eller å kjøle ned huda undervegs i behandlinga. 

Kan eg ta IPL- eller laserbehandling om eg er gravid?

Det er ingen risiko for fosteret ved ei kosmetisk laser- eller IPL-behandling. Gravide kan få uønskte kosmetiske resultat ved ei laser- eller IPL-behandling fordi sårtilhelinga kan vere annleis enn for ikkje-gravide, og ein har større risiko for å få uønskt pigmentering.