Gå rett til innhold

Skadar frå laser

Dei mest alvorlege skadane ein kan få av laserbestråling, er arrdanning på netthinna, som kan gi heilt eller delvis synstap.

Sist oppdatert: 28. juli 2020 14:57

Augeskadar

Laserar kan sende ut synleg og usynleg stråling, og begge delar kan gi arr på netthinna og føre til heilt eller delvis tap av synet.

Når auga våre møter ein synleg laserstråle, skjer det ein unnvikingsreaksjon. Vi snur oss bort frå strålen i løpet av brøkdelar av eit sekund og unngår vidare bestråling. Men den vesle strålinga vi har fått, kan likevel ha skadd netthinna i auget viss laserstrålen er intens nok.

Når vi ser mot usynleg stråling frå laserar, vil vi ikkje blunke for å unngå denne strålinga, då vi ikkje ser henne. Vi får då sterk stråling inn i auget som skade netthinna og den fremre delen av auget, blant anna hornhinna eller linsa.

Den usynlege laserstrålinga er enten ultrafiolett stråling (UV) eller infraraud stråling (IR). IR kan vere kortbølga eller langbølga. Både UV og dei mest langbølga IR-strålane stoppar før dei når netthinna, men kan skade fremre del av auget, blant anna hornhinna eller linsa. IR-strålar med dei kortaste bølgelengdene kan derimot trenge inn til netthinna og lage arr. Det kan gi heilt eller delvis synstap.

Laserane blir plasserte i ulike laserklasser, avhengig av strålingstype og skadepotensialet deira.

Depigmentering

Naturlege fargestoff er dei første som absorberer laserstrålane. Melanin gir oss brunfarge i huda. Dette stoffet blir produsert i spesielle celler, melanocyttar. Ved uheldig bruk av laser og anna sterkt lys kan pigmentet forsvinne fordi melanocyttane er drepne eller blir overstimulerte, noko som gir auka produksjon av pigmentet.

Arr frå laser

Dersom ein er blitt skadd av ein laser, vil skaden gro og ofte etterlate seg arr. Arrvev på netthinna vil fortone seg som blinde område. Det er ikkje alltid lett å vite om ein har fått små skadde område i netthinna etter uhell med laser. Derfor er det viktig å bli undersøkt av augelege etter eventuell bestråling. Arr på huda er rapportert hos pasientar som har fått behandling med laser, der behandlinga har vore mindre vellykka. Døme på dette er tilfelle der ein hårfjerningslaser har vore brukt på tatoveringar.

Etter alle typar kirurgisk bruk må ein rekne med større eller mindre arrdanningar, men feil bruk av laser kan føre til svært stygge hudskadar (fargeforandringar, opphoping av blod).

Brann

Laserar av klasse 4 kan vere brannfarlege, og tekstilar i laserområdet må vere brannsikre.

Smittespreiing ved bruk av laser

Pulsa laserar med eksplosjonsarta effektar kan føre til at biologisk materiale blir slyngd ut i rommet. Spesielle avsug er derfor nødvendig for å forhindre spreiing av røyk og smittepartiklar. Det er i slike tilfelle nødvendig å verne seg med laserbriller, ikkje berre for å verne auga mot stråling, men også for å hindre smittespreiing.

Bruk auge- og hudvern

Bruk augevern som er tilpassa den type laser som blir nytta. Dette gjeld alt personale som oppheld seg i laserområdet, og pasientar. Augevernet skal vere merkt etter internasjonale reglar. Laserstrålar kan bli spreidde, reflekterte og gå gjennom vindauge, og ein må derfor unngå risiko for dette. Ved ulykker eller moglege overeksponeringar av auge, må den som er ramma, bli undersøkt av augelege så raskt som mogleg.

Hudforbrenningar kan ein unngå ved å bruke klede eller anna tøyvern. Materialet skal ikkje vere brannfarleg.