Gå rett til innhold

Laserpeikarar

Lyset frå ein sterk laser er ekstremt farleg for auga. Skaden kan oppstå allereie før ein rekk å blunke. Sterke laserpeikarar krev godkjenning frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Sist oppdatert: 29. juli 2020 11:58

KORT FORTALT

Det er forbode med sterke laserpeikarar (klasse 3R, 3B og 4) utan godkjenning frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, sjå strålevernforskrifta § 10.

Det er berre verksemder og personar som har eit velgrunna behov for sterke laserpeikarar, som vil kunne få godkjenning frå DSA.

Bakgrunnen for forbodet mot laserpeikarar er at sterke laserpeikarar kan føre til auge- og hudskade, og at misbruk av laserpeikarar fører til fare blant anna for lufttrafikk.

Kva er velgrunna bruk?

Det er i strålevernforskrifta krav til at bruk av sterke laserpeikar skal vere velgrunna. Dette inneber at fordelane ved bruken av laseren skal vere større enn dei ulempene som kan oppstå. I ei slik vurdering vil ein blant anna sjå på effekten på laseren, om ein kan bruke andre metodar enn laser for å oppnå det same, og om ein har ein god grunn til å bruke laserpeikaren. Ein vil også sjå på om det er risiko for skade ved bruksområdet det er søkt om.

Døme på velgrunna bruk

Bruk av laserpeikar i regi av astronomiforeiningar for å peike på stjerner vil vere døme på bruk som er velgrunna. Andre døme kan vere bruk av laserpeikarar i samband med geologisk arbeid eller for å skremme fuglar på flyplassar.

Døme på bruk som ikkje behøver godkjenning

Der laseren går inn som del av utstyr eller maskiner som er berekna for oppmåling, nivellering, avstandsmåling, siktemiddel e.l., er det ikkje nødvendig med godkjenning.

Ein treng ikkje godkjenning for svake laserpeikarar under 1 milliwatt. Det betyr dei peikarane som ikkje er klasse 3R, 3B eller 4. Laserpeikarar som er tenkt brukt for undervisningsformål til å peike på presentasjonar etc., er som regel under 1 milliwatt og treng derfor ikkje godkjenning.

Korleis søke om godkjenning av sterk laserpeikar?

For å søke om godkjenning av sterk laserpeikar, klasse 3R, 3B eller 4, fyller du ut søknadsskjema som du finn på nettsidene til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), og sender dette inn til DSA saman med nødvendig dokumentasjon. Du kan sende inn søknaden på e-post eller i vanleg brev.

For å få godkjenning må du som søkar kunne dokumentere at bruken av laserpeikaren er velgrunna, og at det du ønsker å oppnå, ikkje kan gjerast ved bruk av andre hjelpemiddel. Du må dokumentere at laserpeikaren er utforma, klassifisert og merkt i samsvar med den europeiske laserstandarden, EN 60825-1. Det må ikkje vere grunn til å tru at laserpeikaren vil kunne bli misbrukt.

Du må ha godkjenning frå DSA for å eige, tilverke, importere, eksportere, overlate, handtere, bruke eller selje sterke laserpeikarar.

Sterke laserpeikarar

Ein sterk laserpeikar har normalt ein effekt på over 1 milliwatt (mW). Han blir klassifisert som 3R, 3B og 4. Han skal vere merkt med åtvaringssymbol og laserklasse, i tillegg til at bruksrettleiinga skal gi informasjon om bølgelengde og effekt. 

Merking av laserpekere
Laserpeikarar skal vere merkte med dette symbolet.

Sterke laserpeikarar kan føre til skade på auge og hud, og dei kan også vere brannfarlege. Laserpeikarar har blitt brukt til å forstyrre eller hindre flytrafikk og annan trafikk, og kan skape farlege situasjonar.

Kva for krav er det til merkinga og utforminga av laserpeikarar?

Alle laserar i Noreg som er klasse 3R, 3B eller 4, frå små laserpeikarar til store laserar i graveringsmaskiner, må vere merkte med lasersymbolet (nedanfor) og med opplysningar om klassifisering (klasse 3R, 3B eller 4) og fysiske eigenskapar (dvs. bølgelengde i nm og effekt i watt).

Du kan ikkje alltid stole på den informasjonen som følger med laseren, for testar har vist at styrken kan vere høgare enn det som er opplyst.

Klassifisering av laserpeikarar

Laserar blir delte inn i klasser ut frå kva risiko dei representerer. Laserar skal vere klassifiserte etter ein bestemt standard (EN 60825-1) for at dei skal vere lovlege i Noreg. Dette er fastsett i strålevernforskrifta. Her kan du lese meir om dei ulike laserklassene.

Augeskadar av laserpeikarar

Det har også vore fleire tilfelle der barn og unge har fått augeskadar etter leik med laserpeikarar. Dei sterkaste laserpeikarane kan gi permanent augeskade i løpet av brøkdelar av eit sekund.

Ein laserpeiker er ein handhalden laser, batteridriven eller med anna eiga straumforsyning, berekna for å bli halden i handa og peike på noko på avstand.

Vi har sendt ut informasjon til alle skular i landet med informasjon om helsefarar knytte til sterke laserpeikarar: