KORT FORTALT
- Laserar som blir nytta i Noreg, skal vere merkte, klassifiserte og produserte i samsvar med laserstandarden NEK EN 60825-1.
- Det krevst godkjenning frå DSA for å eige, bruke, leige ut, selje og kjøpe laserpeikarar klasse 3R, 3B og 4.
- Alle verksemder som skaffar seg eller nyttar laser klasse 4 av annan type, må melde frå til DSA.
- For bruk av laserbehandling av menneske gjeld i tillegg andre krav.
Krav innan medisinsk og kosmetisk bruk av laser
Alle krava som er lista opp under, er generelle. Ved bruk av laser i behandling av menneske gjeld i tillegg andre krav, sjå avsnittet om laser- og lysbehandlingar.
Merking av laser
Laserar som blir nytta i Noreg skal vere merkte, klassifiserte og produserte i samsvar med laserstandarden NEK EN 60825-1. Informasjon om dei forskjellige laserklassene.
Laserar skal vere merkte med faresymbolet for laserstråling. Dette er ikkje eit krav for laserar av klasse 1 og 1M.
I tillegg skal laserar vere merkte med kva for laserklasse dei høyrer til. Laserar som er klassifiserte etter den europeiske laserstandarden, skal merkast med vanlege tal (1, 2, 3 og 4), og ikkje med romartal.
Krav til verksemder som nyttar laserar
Forsvarleg bruk
Fordelane ved å bruke laser må vere større enn ulempene strålinga kan føre til. Verksemda skal sikre at menneske blir eksponerte for laserstråling i så liten grad som praktisk mogleg. Dette inneber blant anna at laserstrålen ikkje skal rettast direkte mot menneske.
Risikovurdering
Alle verksemder som nyttar laser, skal gjere ei risikovurdering. Dette inneber at verksemda skal kartlegge og vurdere dei risikomomenta som er knytte til bruken av laseren. Dersom vurderinga viser at det er risiko for arbeidstakarar eller andre personar, skal det settast i verk førebyggande tiltak.
Internkontroll
Verksemdene sine plikter til internkontroll går fram av internkontrollforskrifta. Det skal utarbeidast skriftlege instruksar og arbeidsprosedyrar som sikrar eit forsvarleg strålevern, og som forhindrar at personar blir eksponerte for skadeleg laserstråling.
Kompetanse og strålevernkoordinator
Verksemda skal sikre at tilsette som installerer eller arbeider med laserar, eller som kan bli eksponerte for laserstråling, skal ha nok kunnskap om og kompetanse innan strålevern, blant anna om sikker handtering og bruk av verneutstyr. Alle verksemder som nyttar sterke laserar, skal peike ut ein person som skal kunne få utført målingar og rettleie arbeidstakarar om sikker handtering av laseren, og om bruk av verneutstyr.
Verne- og sikkerheitsutstyr
Ved bruk av laserar kan det for eksempel vere aktuelt å bruke vernebriller eller montere teppe som hindrar refleksjon av laserstrålen. Pass på at vernebrillene er tilpassa bølgelengda på den laseren du nyttar.
Godkjenning for bruk av laserpeikarar
Strålevernforskrifta sin definisjon av laserpeikar: "Håndholdt laser, batteridrevet eller med annen egen strømforsyning, beregnet for å holdes i hånden og peke på noe på avstand".
Det krevst godkjenning frå DSA for å eige, bruke, leige ut, selje og kjøpe laserpeikarar klasse 3R, 3B og 4.
- Skjema for å søke om godkjenning av laserpekere (bokmål).
- Skjema for å søke om godkjenning av laserpeikar (nynorsk).
Laserklasser
Laserar blir delte inn i forskjellige klasser ut frå kva for risiko dei representerer. Risikoen blir vurdert med tanke på verst tenkelege forhold, ofte direkte bestråling. Det vil seie at ein laser som er klassifisert i høg risikoklasse, kan vere fullstendig trygg viss det er gjort tiltak som aukar sikkerheita, og ein forhindrar direkte eller spreidd stråling. På den andre sida kan ein laser som vanlegvis er sett på som trygg, føre til skade ved feilbruk, for eksempel ved fjerning av deksel.
Melding av anna laserutstyr
Alle verksemder som skaffar seg eller nyttar laser klasse 4 av annan type, må melde frå til DSA. Ein sender då meldinga via DSA sitt meldesystem for strålekjelder.
Varsling av ulykker og unormale hendingar
Verksemder skal straks varsle ulykker og unormale hendingar knytte til bruk av laser til DSA.
Skriftleg rapport skal sendast så snart som mogleg og seinast innan tre dagar.
Relevant regelverk
Alle krava finn du i:
Tilsyn
DSA kan komme på tilsyn hos verksemder som nyttar laserar og sterke lampar, for å undersøke om utstyret blir brukt på ein forsvarleg og trygg måte.