Gå rett til innhold

Kva for verknader har laser?

Verknadene av laserstråling vil vere forskjellige avhengig av intensitet, bølgelengde og om laseren er pulsa eller kontinuerleg.

Sist oppdatert: 28. juli 2020 14:58

Låg intensitet

Ved låg intensitet vil laserstrålinga verke akkurat som anna optisk stråling, og helseeffektane vil vere dei same. Dersom det i det heile tatt blir nokon verknad på kroppen, vil effekten då dreie seg om kjemiske endringar i det vevet som blir bestrålt. Svake laserar som blir nytta som avstandsmålarar, skannarar i butikkar, svake laserpeikarar osv., vil normalt ikkje ha nokon helseeffektar i det heile tatt, med mindre ein stirrar lenge inn i strålen.

Middels intensitet

Middels sterke laserar kan levere så mykje energi til hud og auge at vevet blir varma opp. Det oppstår ein effekt av auka temperatur, ein termisk effekt, som kan skade vevet. Vevet kan døy der temperaturen blir for høg eller eksponeringa langvarig. Laserstrålar som blir fokuserte av augelinsa til ein liten flekk på netthinna, kan forårsake lokalt høg temperatur og føre til skade, sjølv om den same laserstrålen ikkje gir nokon effektar viss han blir retta mot huda. Det er dette vi kan bli utsette for ved feil bruk av sterke laserpeikarar, klasse 3 R, 3 B eller 4.

Høg intensitet

Ved høgare intensitet kan også forbrenningar på huda oppstå. Vevet toler ein temperatur på opptil 45 grader i nokre få minutt. Ved auka temperatur oppstår skadar etter kortare eksponering. Ved laserbruk kan temperaturen stige svært raskt, og effektar som kjem av at vevet blir brent til kol eller at væska i vevet begynner å koke, kan oppstå. Slike verknader blir utnytta i laserkirurgi.

Svært høg intensitet

Ved svært høg lasereffekt, effektar som ein kan oppnå med pulsa laserar, vil vevet bli brote ned, alle molekyla fordampe og forsvinne ut i lufta. Dette blir nytta ved synskorreksjon. Det same kan skje om pulsa laserar forårsakar sjokkbølger i vevet og knuser det. Dette er valdsame verknader som best kan samanliknast med små eksplosjonar der laserpulsane treffer. Denne effekten ønsker ein å få til ved fjerning av tatoveringar eller når tannlegar brukar laser som bor. Dersom ukyndige behandlarar prøver å bruke feil laser for å fjerne tatoveringar, vil forbrenning og arrdanning lett oppstå.

Kva betyr laserklassene?

Laserar blir inndelte i forskjellige klasser ut frå kva for risiko dei representerer. Risikoen blir vurdert med tanke på verst tenkelege forhold, ofte direkte stråling. Det vil seie at ein laser som er klassifisert i høg risikoklasse, kan vere heilt trygg viss det er gjort tiltak som aukar sikkerheita, og ein forhindrar direkte eller spreidd stråling. På den andre sida kan ein laser som vanlegvis er sett på som trygg, føre til skade ved feilbruk, for eksempel ved fjerning av deksel.