Gå rett til innhold

Miljølaboratoriene, beredskapslab, radonlab og optisk lab

Laboratoria våre deltar i internasjonale samanlikningsmålingar med andre laboratorium for å dokumentere kvalitet. Vi deltar også i internasjonale målenettverk i regi av IAEA.

Sist oppdatert: 12. januar 2024 12:27

KORT FORTALT

Vi deltar i to målenettverk i regi av IAEA:

  • ALMERA (Analytical Laboratories for Measurement of Environmental Radioactivity)
  • RANET (Response and Assistance Network)

Miljølaboratoria

Laboratoria er lokaliserte på Østerås, Svanhovd og i Tromsø. Laboratoria utfører akkrediterte gammaspektrometrimålingar. Vi utfører analysar og målingar, særleg på havvatn, regnvatn, sjømat, tang, mjølk, jord og ulike dyreartar. Dei fleste målingane blir utførte i samband med etablerte overvakingsprogram, i tillegg til overvaking av radioaktiv forureining i luft. DSA har i dag seks luftfilterstasjonar spreidde rundt i Noreg, og filter blir analyserte for radioaktivitet kvar veke.

Laboratoria våre har ei rekke avanserte instrument som måler radioaktivitet i prøver med alfa-, beta- og gammaemitterande nuklidar frå miljøet. Gammaspektrometrimålingar blir utførte med instrument som har evna til å identifisere t.d. cesium-137 og jod-131. DSA utfører også kvalitetssikra målingar av plutonium, americium, uran, radium, polonium, bly, technetium, strontium og tritium.

Beredskapslab

Beredskapslaboratoriet skal sørge for at det finst instrumentering, kompetanse og prosedyrar for å bestemme strålingsnivå ved uønskte atomhendingar. Vi gjer målingar for å identifisere og kvantifisere nuklidar i eit eventuelt nedfall, i personar som kan ha radioaktivitet i kroppen, av forureining på personar og utstyr som kan ha vore nær radioaktivt materiale, og i analysar av radioaktive stoff. DSA disponerer også eit mobilt laboratorium som raskt kan gjerast klart, og som kan transporterast med lastebil eller transportfly ved behov.

Radonlab

Radonlaboratoriet utfører målingar av radon i inneluft for kartlegging og overvaking. Dette gjer vi for å sikre ei kunnskapsbasert forvalting. Radonkonsentrasjonen måler vi med sporfilm.

Ønsker du sjølv å få målt radon i din bustad: Slik måler du radon sjølv. DSA tilbyr ikkje målingar ut over våre eigne prosjekt.

Laboratoriet for optisk stråling

Laboratoriet måler UV-stråling, synleg lys og delar av det infraraude området, dvs. bølgelengdeområdet 250–1000 nm.

Laboratoriet har tre hovudfunksjonar:

  • Kvalitetssikre UV-data frå det landsdekkande UV-nettverket. Vi hentar inn data og kalibrerer detektorar for å sikre UV-data av vitskapleg kvalitet.
  • Gjere målingar i samband med risikovurderingar av tilsikta og utilsikta eksponering av menneske og produkt, teste klassifisering av medisinske og kosmetiske UV-kjelder og laserpeikarar, kalibrere sensorar m.m.
  • Utføre interne og eksterne måletenester som kalibrering, karakterisering av detektorar/kjelder og utvikle nye målerutinar og apparat.