KORT FORTALT
Internasjonale organisasjonar som det Internasjonale atomenergibyrået (IAEA) og vitskaplege kommisjonar og komitéar som ICRP, ICNIRP og UNSCEAR er viktige arenaer for utvikling og deling av kunnskap innan tryggleik og helseeffektar av stråling.
Det er eit utstrekt regionalt samarbeid i Europa og Norden.
Noreg kan bli påverka nesten uansett
I våre nærområde er det mange kjernefysiske installasjonar: kjernekraftverk, avfallshandsamingsanlegg, atomdrivne fartøy og atomvåpen. Ei alvorleg ulykke ved slike anlegg og installasjonar kan gi akutte helseskadar i nærområda og langvarige konsekvensar sjølv i stor avstand frå anlegget. Noreg kan dermed bli påverka nesten uansett kvar i verda ei ulykke skjer.
Bruk av kjernefysisk teknologi og stråling ber også med seg risikoar knytt til moglege skadar ved vondsinna bruk gjennom tjuveri og sabotasje eller at statar kan få tilgang til materiale og teknologi for utvikling av atomvåpen.
Ønskjer internasjonalt samarbeid
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) ønskjer difor eit sterkt internasjonalt samarbeid på atomtryggleiksområdet for å utvikle felles standardar og retningsliner som alle land kan følgje for å sikre best mogleg tryggleik. I tillegg er det viktig å sikre at slike standardar og retningsliner blir etterfylgt. DSA bidreg til dette mellom anna gjennom ei rekkje samarbeidsprosjekt med land i våre nærområde. DSA har særleg blitt tildelt ansvaret for gjennomføringa av Atomhandlingsplanenfor samarbeid med Ukraina og enkelte land i Øst-Europa og Sentral-Asia, og forvaltningsansvaret for tilskotsmidlane under denne.
DSA er direktorat under Helse- og omsorgsdepartementet, men er også fagdirektorat for Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.