Konvensjonar for atomtryggleik

Noreg er medlem av fleire internasjonale konvensjonar for atomtryggleik. 

Sist oppdatert: 24. august 2020 11:26

Konvensjonane for tidleg varsling og assistanse ved atomulykker

Konvensjonane for tidleg varsling og assistanse ved atomulykker av 1986 seier at medlemslanda i tilfelle atomulykker skal varsle kvarandre og/eller IAEA så tidleg som mogleg og kunne be om assistanse ved behov. IAEA si rolle under desse konvensjonane er å formidle informasjon, medverke og koordinere tilgjengelege ressursar. 

Konvensjonen for fysisk vern av nukleært materiale og nukleære anlegg

Konvensjonen for fysisk vern av nukleært materiale av 1987 (Convention on Physical Protection of Nuclear Material) set krav til statane si fysiske sikring av nukleært materiale. Konvensjonen sitt verkeområde blei utvida i 2005 til også å omfatta nukleære anlegg, og dette tillegget trådde i kraft i 2016. 

Konvensjonen for kjernetryggleik

Konvensjonen for kjernetryggleik av 1996 (Convention on Nuclear Safety) pliktar alle medlemsstatane til å søke å få i stand stadig høgare standardar for tryggleik ved sine atomanlegg. Partane er forplikta til å regelmessig sende inn rapportar om verksemda si for kritisk gjennomgang av dei andre landa. Noreg gjer rapportane sine til Konvensjonen for kjernetryggleik offentleg tilgjengelege: rapport for 2019

Felleskonvensjonen for sikker handsaming av brukt kjernebrensel og sikker handsaming av radioaktivt avfall

Felleskonvensjonen for sikker handsaming av brukt kjernebrensel og sikker handsaming av radioaktivt avfall av 2001 (Joint Convention on the Safety of Spent Fuel Management and on the Safety of Radioactive Waste Management) gjev ei rekkje føresetnadar som må inngå i det nasjonale systemet for handsaming av brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall. Partane er forplikta til å regelmessig sende inn rapportar om verksemda si for kritisk gjennomgang av dei andre landa.

Noreg gjer rapportane sine til Felleskonvensjonen for sikker handsaming av brukt kjernebrensel og sikker handsaming av radioaktivt avfall offentleg tilgjengelege: rapport for 2018.  
 

Fant du det du lette etter?
Vi svarer desverre ikke på disse meldingene, men bruker det til å optimalisere siden.