KORT FORTALT
Prosjekta med atomubåtar og fyrlykter har vore gjennom eksterne evalueringar som viser at arbeidet har hatt betydning for å beskytte menneske og miljø.
Prosjekta er avslutta.
Fjerning av radioaktive batteri i fyrlykter
I det tidlegare Sovjetunionen blei det utplassert litt over 1000 radioaktive strontiumbatteri for å drifte fyrlykter og sjømerke. Batteria er blant dei farlegaste radioaktive kjeldene som finst, og ei uskjerma kjelde kan gi ein dødeleg stråledose i løpet av ca. 30 minutt. Manglande fysisk sikring av kjeldene gjorde dei tilgjengelege for uvedkommande. Dei radioaktive kjeldene i fyrlyktene blei fjerna og erstatta med miljøvennleg solcelleteknologi. Ved å fjerne og lagre kjeldene reduserer ein faren for forureining av miljøet, og for at radioaktivt materiale skal komme på avvegar.
Noreg finansierte fjerninga av 251 radioaktive kjelder: 180 i Nordvest-Russland og 71 i Austersjø-området. Russland stod sjølv for fjerning og sikring av dei fleste av dei over 1000 kjeldene. I tillegg til Noreg var USA også ein viktig internasjonal aktør. Frankrike, Canada, Sverige og Finland bidrog også.
Fyrlyktprosjektet var gjennom ei uavhengig evaluering som viste at prosjektet var vellykka med tanke på å beskytte menneske og miljø og hindre at dei radioaktive kjeldene kom på avvegar.
Opphogging av ubåtar
I løpet av den kalde krigen bygde Sovjetunionen verdas største ubåtflåte, og på 80- og 90-talet blei mange av atomubåtane tatt ut av drift. Dei utrangerte atomubåtane inneheldt kjernebrensel og var i dårleg stand. Dei representerte derfor ein trussel mot land- og havmiljøet i nord.
Frå 2003 til 2009 finansierte og medverka Noreg til å hogge opp fem atomubåtar med kjernebrensel om bord. Ein av ubåtane blei hogd opp i samarbeid med Storbritannia.
Russisk og internasjonal innsats førte til at ca. 120 utrangerte atomubåtar i Nordvest-Russland blei tatt hand om på ein forsvarleg måte. Russland har sjølv finansiert opphogging av dei fleste ubåtane.
Opphogginga gjekk føre seg utan alvorlege hendingar. Kjernebrenselet som var nytta, blei transportert til Majak-anlegget i Sør-Ural for handtering og avfallsbehandling.
Ei uavhengig evaluering rett etter ubåtopphogginga og fjerning av dei radioaktive kjeldene viser at dette hadde vesentleg betydning for å beskytte miljøet i nordområda.